Hopp til innhold

Kjøligaste natta i Trondheim på over 50 år - og det er ikkje finvêr i sikte

Kulda blir med inn i julimånaden. Trondheim har ikkje hatt så kjølige julinetter på mange år, og resten av fylket setter fleire kulderekordar.

Munkegata
Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Heile ni stader i Trøndelag har hatt rekordlåge temperaturar natt til i dag. Dette skriv Adresseavisen. På Voll i Trondheim vart det i natt registrert 4,1 grader, noko vi må over 50 år tilbake i tid for å finne.

– Det er ikkje ekstreme rekordar, men det er ikkje kvart år det er så kalde julinetter, seier Geir Bøyum, vakthavande meteorolog i Tromsø, til NRK.

Han fortel at på Innlandet kan det nokre gonger komme ned på 0 grader, men i mitre og ytre strøk er det sjeldan under 6 grader. Kommande natt vil det også vere kaldt.

– I Trondheimsområdet ser det ut til å verte rundt 4–5 grader. Det er relativt kaldt i Trøndelag, men det blir ikkje så kaldt som dei tidlegare nettene, fortel Bøyum.

Mykje dårleg vær i sikte

Eit lågtrykk som ligg å lurar over Skandinavia er årsaka til dei kjølige temperaturane. Dette skapar dårleg vær over heile Norge.

– Det er relativt kjølig over heile landet, utanom Austlandet.

Bøyum kan og fortelje at det ikkje er noko finvêr i sikte.

– I morgon kan det komme opp i 20 grader, men det er den einaste finvêrsdagen i sikte. Til helga igjen blir det regn, og utover i neste veke vil temperaturen ligge mellom 13 og 18 grader.

Meteorologen beskriv det som ustabil luft, og at det blir dårleg vær med ein del regn og lite sol.

Rekordlåge temperaturar

Fleire plassar i fylket fekk nye kulderekordar natt til i dag, og mange stader var det nede i null grader. Trollheimen – Storhornet på 1550 meters høgde hadde den kaldaste temperaturen på -1,2 grader, medan Røros låg på 0 grader. Trollheimen hadde kuldegrader natt til tysdag og onsdag også, og det har aldri før vore registrert tre netter på rad med kuldegrader i juli i Trøndelag tidlegare.

– Det er eit ustabilt sommarvêr over store delar av landet, noko som gjer at det vert relativt kjølig, forklarar Bøyum.

Trondheim har ikkje hatt så mange kalde julinetter på 38 år. I 1979 var det under 10 grader dei første sju julinettene. Denne rekorden kan framleis bli slått i år.