Hopp til innhold

Kjernen vil rydde opp i Bakenga-hets

«Svin», «Judas» og «Quisling» – skuffa rosenborgtilhengjarar spara ikkje på skjellsorda da det vart klart at den tidlegare RBK-spelaren Mushaga Bakenga går til erkerivalen Molde. No vil Kjernen rydde opp.

Montasje Bakenga/Viken

Espen Viken, talsmann for Kjernen, meiner at det ikkje er greitt å kalle Mushaga Bakenga Judas, sjølv om han går til Molde.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad/Kristin Heggdal / NTB scanpix/NRK

Bakenga

Skjermdump av ei hetsande forummelding.

Foto: Printscreen

Det var Adresseavisen som omtalte saka først, og viste til twitter- og forummeldingar med til dels sterk språkbruk etter at det vart kjent at den belgiske klubben Brügge skal låne ut Bakenga til Molde.

– Ikkje greitt

Espen Viken er talsmann for Kjernen, supporterklubben til Rosenborg. Han vil ikkje ha ei kopling mellom denne språkbruken og Kjernen.

– Dette er ikkje greitt for meg, seier han.

– Kjernen skal støtte RBK, og vi har det heilt tydeleg i vedtektene våre at vi skal vere ein konstruktiv, men kritisk dialogpartnar for klubben. Den type karakteristikkar som kjem her, er verken konstruktive eller kritiske, så vi tar avstand frå det, seier Viken.

Han veit ikkje om dei som har ytra seg, er blant medlemmane til Kjernen.

– Vi tar uansett tak i problemet, lovar han.

Tar opp temaet med Rosenborg

Viken er opptatt av at Kjernen handterer temaet på ein klok og god måte.

– Vi er ein organisasjon med svært mange ulike medlemmar, og ta må ta opp temaet i styret før vi gjer noko. Om dei som har skrive desse meldingane, er Kjernen-medlemmar, kan vi gå i dialog med dei.

Problemet blir også tema på møter mellom Kjernen og Rosenborg.

– Samtidig er det ikkje muleg å kontrollere alt som blir ytra på sosiale medier og på forum, seier Espen Viken.

Han meiner òg at saka er blåst ut av proporsjonar.

– Vi i styret har sjekka forum- og twittermeldingar. 15 meldingar om Bakenga kan reknast som hets. Fem av desse inneheld dei drygaste karakteristikkane som blir slått opp i dag. Det er ikkje slik at heile Trøndelag har gått i svart i sinne over at Bakenga går til Molde, seier Viken.