NRK Meny
Normal

Ser du kven sitt ansikt dette er?

Fleire av skulpturane på Vestfronten på Nidarosdomen har fått ansikt etter kjente personar.

St. Mikael har fått ansiktet til ein kjent musikar.

St. Mikael troner øverst på Nidarosdomen.

Foto: Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider

Viss du kikker litt ekstra nøye på skulpturane på Vestfronten på Nidarosdomen ser du kanskje eit ansikt du dreg kjensle på.

St. Mikael

Heilt på toppen finn vi himmelens hærførar, St. Mikael, som er modellert av Kristofer Leirdal.

St. Mikael er klar til å drive ut Satan og hans onde makter og har fått ansiktet til ein kjent amerikansk musikar.

– Han har eit veldig spesielt uttrykk for Kristofer Leirdal let seg inspirerer av levande modellar, seier historikar Terje Bratberg til NRK.no.

Sjølv har Terje Bratberg vore heilt til topps og sett på utrykket til St. Mikael. Fleire meiner at det er ikkje tvil om kven som har gitt ansikt til denne skulpturen.

Biskop Sigurd har fått ansiktet til ein kjent diktar.

Biskop Sigurd finn du på Vestfronten.

Foto: Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider

– Det har nok også samanheng med den tida skulpturen blei laga. Leirdal let seg inspirerer av både musikken og det faktum at St. Mikael skal beskytte mot onde krefter og det kom til utrykk som krig. I 1968 var det Vietnamkrigen, fortel guide i Trondheim, Trine Søraa.

Musikaren held konsert i Trondheim i 2001 og fekk då høyre både historien og sett skulpturen.

Veit du kven det er? Viss ikkje sjekk svaret her.

Biskop Sigurd

Biskop Sigurd blei modellert av Dyre Vaa i 1933 og hogga ut av Krifstofer Leidal.

Skulpturen blei sett opp i 1944 og fekk ansiktet til ein kjent norsk diktar som levdepå 1800-talet.

St. Klemens har fått ansiktet til ein norsk diktar.

St. Klemens.

Foto: Nidaros Domkirkes Res

Biskopens attributt er ein trestamp med tre avhogde hovuder.

– Dette er portrett av tre arkitektar, Helge Thiis, Gudolf Blakstad og Herman Munthe Kaas, fortel Birgitta Syrstad Gran somer rådgivar ved historisk arkiv ved Nidaros Domkirkes Restaueringsarbeider.

Veit du kven det er, viss ikkje sjekk svaret her.

St. Klemens

St. Klemens var den tredje biskopen i Rom under kristenforfølginga.

Han skal ha blitt ført ut på havet og senka med eit anker kring halsen. Englar skal ha laga ei marmorkiste til han, som viste seg på sjøen. Han blei difor sjøfararane sin skytshelgen og den første kyrkja i Nidaros, Klemenskirken var via til han.

Skulpturen av St. Klemens er også inspirert av ein norsk diktar. Denne diktaren levde frå 1883 til 1929.

St. Klemens er modellert av Dyre Vaa, men hogd ut av Tore Skjørestad.

Ser du kven det er? Viss ikkje, sjekk svaret her.

Vestfrontens skulpturar

Restaureringa av vestfronten skjedde frå 1901 til 1969. Den siste statua blei sett opp i 1983.

Her er ein oversikt over alle skulpturane på Vestfronten.

Nidarosdomen - statuer av konger og profeter på Vestfronten

Statuer av kongar og profetar pregar Vestfronten.

Foto: Tor Beisvåg

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.