Hopp til innhold

Kjendiskvalen Hvaldimir må no bruke kallenamn

Han har blitt mistenkt for å vere ein russisk spion. No går Hvaldimir under kallenamnet «Hvaldi» for å ikkje bli assosiert med Vladimir Putin.

Regina Crosby i One Whale fotograferer munnen til Hvaldimir for å se hvordan tannhelsa hans er.

«VALGETS KVAL»: Kva bør Hvaldimir heite? OneWhale fryktar namnet til kvitkvalen blir kopla til den russiske presidenten, Vladimir Putin.

Foto: Inge Wegge / One Whale

Den populære kvitkvalen har imponert tidlegare statsminister Erna Solberg med kule triks, og blitt sett av millionar i det amerikanske talkshowet «Ellen DeGeneres».

Men den siste tida har namnet hans blitt eit lite problem.

– Det er litt meir bismak i munnen å seie Hvaldimir akkurat no – etter éin månad med krig.

Det seier Inge Wegge i OneWhale. Ein organisasjon med frivillige som er opptekne av velferda til kvitkvalen.

LES OGSÅ Norges favoritt-kjæledegge imponerte Erna Solberg med kule triks

Erna Solberg mater hvithvalen Hvaldimir

Fekk namnet i namneavstemming

NRK hadde ei namneavstemming våren 2019, då kvitkvalen dukka opp ved Finnmarkskysten. Over 1000 forslag kom inn gjennom sosiale medium. Det blei føreslått mange ulike ordspel på ordet hval.

Valet landa på Hvaldimir – eit namn som VG allereie hadde teke i bruk. Noko som den gongen var eit ganske naturleg (h)val, sidan han kjem frå Russland.

Namnet er altså eit ordspel på ordet hval og Russland sin president, Vladimir Putin.

I dag er det éin månad sidan den russiske invasjonen av Ukraina, 24. februar.

– «Hvaldi» er kjælenamnet. Vi har lyst til å bruke det meir aktivt framover, seier Wegge.

– Det er meir hyggeleg å bruke kjælenamnet, enn noko som minner om ein så kjip person, legg han til.

Hvaldimir

KVITKVAL: Hvaldimir går no under kallenamnet «Hvaldi».

Foto: Inge Wegge / OneWhale

Kvitkvalen hadde eit seletøy merka «St. Petersburg» då han dukka opp i Finnmark, og vart mistenkt for å vere ein spionkval som kom frå den russiske marinen.

Prosjektleiar i Norwegian Whale Reserve, Katrine Næss, synest ikkje namnet er så veldig problematisk.

– Det er jo eit heilt vanleg namn i Russland. Han heiter ikkje Vladimir, men Hvaldimir, påpeikar ho.

Men ho er likevel einig i at assosiasjonen er uheldig:

– Eg ynskjer ikkje at han skal assosierast med Vladimir Putin. Kvalen er jo så skjønn og snill. Den rake motsetninga.

LES OGSÅ Derfor har «Z» blitt et symbol i Russland

Mann går forbi bokstaven Z i et busskur i St. Petersburg

Namneforskar: – Namnet blir ikkje «skadd» lenge

Namneforskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen er også tydeleg på at Vladimir er eit svært vanleg namn i Russland.

– Du har Vladimir i Russland, men du har også president Volodymyr i Ukraina, som er ein variant av det same namnet. Vladimir er så mykje brukt at det ikkje kan bli «skadd» så lenge.

Han fortel at det er spesielt to namn som kjapt har blitt upopulære: Vidkun (Quisling) og Adolf (Hitler).

Namnet Anders var i fritt fall før 2011, og etter at 22. juli-terroristen bar dette namnet, fall det enno meir det året. No har det stabilisert seg.

Ivar Utne, navneforsker ved Universitetet i Bergen

NAMNEFORSKAR: Ivar Utne ved Universitetet i Bergen trur ikkje fornamnet Vladimir vil bli varig belasta.

Foto: Privat

– Det er eit sterkt, tradisjonsrikt namn. Dei blir ikkje så lett øydelagde, fortel Utne.

Men det er også veldig viktig å skilje mellom namn på menneske og namn på dyr.

– Samtidig er det slik at i vår tid oppfattar vi dyr som meir levande og nære enn vi gjorde før. Folk gir kjæledyr og andre dyr personnamn. Det er ein tendens i vår tid, påpeikar namneforskaren.

Han trur det er ein god idé å kalle kvalen «Hvaldi».

Kanskje det i staden for gir assosiasjonar til komponisten Vivaldi?

– Det var ikkje så dumt. Det kan godt vere, seier han lattermild.

LES OGSÅ Dei mest populære namna for barn fødde i 2021

Håndball-VM kvinner Spania 2021, semifinale: Norge - Spania

«Hvaldi» er i storform

«Hvaldi» sjølv er i alle fall lykkeleg uvitande om namneproblematikken. Han har heilt andre utfordringar.

NRK omtalte i fjor haust at Hvaldimir var blitt tannlaus, som følge av at folk stakk plankar i munnen hans.

Dei siste månadane har «Hvaldi» blitt observert utanfor kysten i Trøndelag.

Helsetilstanden hans er langt betre. Spesielt etter at ein fiskekrok vart fjerna frå halen hans.

SJÅ VIDEO: Veterinærar frå USA og Noreg har dei siste dagane vore saman med den populære kvitkvalen. Foto: OneWhale

Dei siste dagane har nemleg veterinærar frå USA vore på besøk nord i Trøndelag. Det var bra timing, meiner Wegge i OneWhale.

– Vi såg kroken i halen, og fekk lagt ein plan saman med veterinærane for å få den ut.

Ein erfaren fridykkar kom inn på trygg avstand bakfrå, og klipte diskré av lina som kroken var festa på med ei saks.

Veterinærar i «Team Hvaldimir» i Trøndelag

VETERINÆRBESØK: Bak (f.v.): Regina Crosby og Bob Stevens. Framme (f.v.): Steve McCulloch, Juli Goldstein, Courtney Vail, Maria Lien og Inge Wegge.

Foto: OneWhale

– Forskjellen på oppførselen hans er stor. Han var litt rolegare enn vi er vande med å sjå. Kanskje nesten litt deprimert. Han har vegra seg for å vise fram halen sin, fortel sikkerheitsdykkar Sebastian Strand, som utførte oppdraget.

– Eg har aldri sett «Hvaldi» så leiken og glad som no, fastslår han.