Hopp til innhold

Kjendisadvokat forsvarer seg sjølv etter bråk på akutten: – Påverka, men ikkje rusa i lovas forstand

Forsvarsadvokat Christian Wiig sat på glattcelle ei heil natt, etter å ha vore aggressiv mot sjukehustilsette. Wiig nektar for at han var rusa, og vil ikkje betale bota for ordensforstyrring. Nå fører han si eiga sak i retten.

Christian Wiig på tiltalebenken

Christian Wiig i retten måndag. Han er sin eigen forsvarer, og fortalde om det som skjedde laurdag 24. september.

Foto: Kari Sørbø / NRK

I dag starta den to dagar lange rettssaka i Sør-Trøndelag tingrett. Wiig nektar å betale førelegget for ordensforstyrringa som skjedde etter at han kom i ambulanse til St. Olavs Hospital etter fallet.

Ikkje rusa, men påverka

NRK fortalde før jul om Wiig sin tur på byen i Trondheim. Ein laurdagskveld
som enda på akuttmottaket ved St. Olavs Hospital.

Wiig er sin eigen forsvarer i retten og måndag tok han over vitneboksen og fortalde om det som skjedde laurdag 24. september.

Han heldt fast på at han og kona drakk ei flaske kvitvin kvar på ein vinbar. Deretter gjekk dei på restauranten Le Bistro like rundt hjørnet for vinbaren. Der åt dei middag og drakk kvar eit glas vin og eit glas champagne.

Eg toler utan vidare ei flaske moselvin, eit glas champagne og eit glas raudvin over dette tidsrommet utan å bli synleg rusa. Eg snøvlar ikkje. Klart eg kjenner meg påverka, men ikkje rusa i lovas forstand, sa Wiig i retten måndag.

Han forklarte at han ikkje hugsa noko frå dei kom til restauranten, men har etterpå fått vete av kona om kva som skjedde.

I rusa tilstand, stod han fram aggressivt og høglydt. Då han skulle flyttast over på ei båre, freista han å bite ein sjukepleiar i armen og slå eller sparke etter legen som skulle undersøkje han.

Det går fram av førelegget Wiig fekk, men som han nektar å godta.
Førelegget vart gitt med bakgrunn i paragraf 181 i straffelova for i "selvforskyldt rus å ha forulempet eller voldt fare for andre." Wiig meiner han fekk ei hjerneristing som følgje av det kraftige møtet med asfalten.

Aktor Thorbjørn Klundseter

Aktor, statsadvokat i Hedmark Thorbjørn Klundseter, vil legge ned påstand om at bota aukar til 9600 kroner og at Wiig i tillegg må betale sakskostnader om han blir dømd.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Har diabetes 2

I retten måndag fortalde Wiig at han går på medisin for diabetes 2, noko han også gjorde septemberkvelden i fjor. Då NRK omtala ordensforstyrringa første gong i fjor, kontakta vi legar om blodtrykksfall. Personar med diabetes kan oftare oppleve blodtrykksfall, fekk NRK då opplyst.

Wiig seier til NRK måndag at dette er nytt for han, men at han vil undersøkje det nærare.

Wiig meiner han fekk ei hjerneristing som følgje av det kraftige møtet med asfalten.
Aktor, statsadvokat i Hedmark Thorbjørn Klundseter, ville vete kvifor Wiig reiste til ei rettssak i Nordland dagen etter, dersom han hadde fått hjerneristing. Wiig svarte at det var ei viktig sak, men at han ikkje kjende seg i topp form etter fallet og ei natt på glattcelle.

Ikkje fritatt helsepersonell for teieplikta

Wiig har ikkje fritatt helsepersonellet på sjukehuset for teieplikta si. Forsvarsadvokaten viste til det som skjedde i samband med alpinulukka i 2005.
Då oppheva han teieplikta og heile journalen vart sendt til fylkeslegen. Det enda med at Wiig fekk inndrege førarkortet for eitt år.


– Det er like ille for meg å bli dømt for å ha vore rusa som å misse førarkortet, sa Wiig i retten måndag.
Om framferda si på akutten sa han at dette måtte ha skjedd på grunn av hjerneristinga og at han var redd for å få eit epileptisk anfall som han har hatt før, men:

–Eg er fylt 73 år, har aldri vore fysisk aggressiv og har aldri slest med nokon, heller ikkje på folkeskulen. Då eg høyrde kva eg hadde gjort på akutten tenkte eg at den framferda måtte skuldast noko anna enn at eg var rusa på alkohol.

– Stilte oss til veggs og gjentok spørsmåla


Sjukepleiaren og legen som behandla Wiig på akutten vitna også måndag. Forklaringane deira vart sterkt prega av at Wiig ikkje har løyst dei frå teieplikta.
Både domar og aktor gjer Wiig fleire gonger merksam på at han kan frita helsepersonellet for teieplikt, men Wiig held fast ved avgjerda si.

Sjukepleiaren var den som tok i mot Wiig og sa at advokaten var roleg på akutten i mellom ein halv og ein time. Men då han skulle flyttast frå ein benk til ei båre heldt han hardt fast
i armane til sjukepleiaren. Advokaten slo også "målretta" mot legen som unngjekk slaget, fortalde sjukepleiaren.
Han kalla framferda til Wiig for "aggresiv" og "høglydd". Legen karakteriserte situasjonen for "ubehageleg", og at Wiig stod fram som "lite triveleg", men ikkje trugande.

–Wiig gjentok mange spørsmål til oss, vi freista å svare, men han spurte igjen, sa sjukepleiaren. Han fortalde også at Wiig hadde spurt om dei som var i rommet var "sosialistar".

Då Wiig fekk ordet for å spørje ut helsepersonellet, bad han om orsaking til begge for korleis han hadde oppført seg. Men la til at han altså ikkje hugsar noko frå opphaldet på St. Olavs Hospital, heller ikkje at han har sett dei to før i rettssalen i dag.

Wiig spurte både sjukepleiar og lege om kvifor dei ringde til politiet og ikkje til kona hans då dei meinte han oppførte seg uakseptabelt.
–Når folk oppfører seg utagerande, ringjer vi politiet, ikkje familien, svarte legen.

Måtte køyrast ut til politibilen i rullestol

Politifolka som vart tilkalla i St. Olavs Hospital vitna om kontakten med Wiig på sjukehuset. Han låg med augo att på ein benk då politiet kom, og det eine politivitnet måtte dulte bort i han og vekke han.

Wiig var opptatt av kva grad politifolka hadde og om det var politimeister Nils Kristian Moe som hadde bestemt dette.

Sidan Wiig ikkje ville forlate sjukehuset vart det henta ein rullestol til han.

Den eine polititenestemannen kunne ikkje hugse om det lukta alkohol av Wiig, den andre meinte det gjorde det og at Wiig snøvla og "ikkje handla rasjonelt".

Vaktleiar på krimvakta sa i retten at Wiig stod fram som rusa då han kom til arresten. Ho såg også at han hadde skader i andletet. Vaktleiaren var også den som dimitterte Wiig like før klokka sju på sundag morgon.

Først etter at førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes vart kontakta med spørsmål om korleis saka skulle takast vidare, vart det oppretta sak om ordensforstyrring. Soknes meinte politiet burde behandle Wiig på same måte som alle andre som bryt lova.

Statsadvokat Erik Thronæs i Nordland møtte Wiig i embeds medfør i ei sak i Mosjøen dagen etter opphaldet i arresten.

Thronæs vitna via videolink frå Bodø måndag ettermiddag. Avhøyret av Thronæs var over på om lag eitt minutt.

Han fortalde at han hadde spurt Wiig då han møtte han og såg skadane i andletet hans, om han hadde hatt blodtrykksfall og ramla. For det hadde nemleg Thronæs hatt sjølv. Først då skjønte Wiig at hendinga utanfor restauranten kunne skuldast dette.


Wiig skal føre 13 vitne i saka si, påtalemakta fem.
Aktor vil legge ned påstand om at bota aukar til 9600 kroner og at Wiig i tillegg må betale sakskostnader om han blir dømd.

Retten er leia av tingrettsdomar Kristin Rognan.