NRK Meny
Normal

Kjedekollisjon i Oppdal

To personar vart sende til St. Olavs hospital etter ein kjedekollisjon i Oppdal måndag ettermiddag.

Ulukka skjedde då ein bil skulle svinge av E6 ved Halsetløkka camping nord for Oppdal sentrum, og to andre bilar køyrde i den bakfrå opplyser politiet.

Ein person vart lettare skadd, medan det er ukjent kor hardt skadd den andre personen er.

Trafikken vart dirigert forbi ulukkesstaden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Video fra Trøndelag

Lørdagens forestilling ved Kystens arv regnet nesten bort
Foto: Tom Modell Alte
Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal