Hopp til innhold

Kvinna vart funnen livlaus i trappa. No er ekskjærasten dømt

Ei glasdør kan ha redda livet hennar. Ein gjest i hotellkorridoren fekk auge på kvinna som låg hardt skadd i trappa utanfor døra.

Trappen hvor kvinnen ble funnet hardt skadd

FUNNEN I TRAPPA: Kvinna var hardt skadd. Det stod om livet, fortalde ambulansepersonale som vart tilkalla.

Foto: Politiet

No er den tidlegare kjærasten (23) hennar dømt til tre års fengsel for å ha skada og forlate henne i hjelpelaus tilstand. Tiltalte sa han hugsar ingenting og nekta straffskuld i retten.

Skjønte ikkje kvifor ho var på sjukehuset

Tredje juledag 2019 var det «Rørosaften» for ungdomane som kom heim til julefeiring. Arrangementet på Røros hotell er svært populært. Det var stappfullt hus og god stemning. Heilt til like over midnatt.

Gjesten som fann henne varsla personalet på hotellet. Vakta som kom har 20 års røynsle frå ambulansetenesta. Han sa i retten at det var svært kritisk: Kvinna låg medvitslaus på ryggen. Ho pusta dårleg og ville raskt vorte kvelt av sitt eige blod, meinte vakta. Han la henne i stabilt sideleie og tilkalla ambulansen. Ho fekk livreddande førstehjelp og vart straks flogen til St. Olavs hospital i Trondheim. Der låg ho i halvanna veke, men hugsar berre nokre glimt frå opphaldet.

Ho skjønte ikkje kvifor ho var på sjukehuset, forklarte ho i Trøndelag tingrett.

For minnet hennar frå kvelden på hotellet er heilt borte. Det siste ho hugsar var at ho og venninna snakka saman på forspelet før dei drog på «Rørosaften».

Andre har fortalt henne at ho spurte sjukehuspersonalet. Dei kunne ikkje seie noko av omsyn til etterforskinga.

Ein gjest i hotellkorridoren fekk auge på kvinna som låg hardt skadd i trappa utanfor denne døra.

GLASDØRA: Hotellgjesten som oppdaga den skadde kvinna gjekk forbi i korridoren og såg henne gjennom glasdøra ut til trappa.

Foto: POLITIET

Hjerneskaden kan påverke henne resten av livet

Kvinna vart operert for omfattande andletsskadar, særleg i begge kjevane. Men det er skaden i tinningen og frontallappen som har ført til dei største plagene i ettertid. I to månader var ho på rehabilitering.

– Det var då eg skjønte at eg hadde fått ein hjerneskade, sa kvinna i retten.

Ho har vanskar med å planlegge og organisere kvardagen sin. Alt ho skal gjere noterer ho som ei påminning på mobilen. Arbeidsminnet er mykje dårlegare. Før kunne ho hugse alt læraren fortalde i timen, så ho slapp å lese på det etterpå.

Overlegen som har følgt henne opp sa i retten:

– Eg vil tru ho kjem til å merke denne skaden resten av livet.

Ingen har sett paret ved trappa.

Så korleis hamna kvinna i baktrappa?

Tiltalte og fornærma var kjærastar i tre år. Det var det første forholdet for dei begge. Dei hadde det fint i lag, men kvinna meinte tiltalte vart for kontrollerande. Ho hadde bestemt seg for å gjere det slutt i jula. Nede i kjellaren på hotellet møttest dei i baren. Vitna som såg dei to der meinte klokka måtte vere rundt 2330 eller 2345. Det var «dårleg stemning». Eit dytt, frå ein eller begge mot den andre, har fleire sett. Tiltalte gjekk så opp frå baren, fortalde vitna. Men ingen har sett at han slo handa si i ei søyle i frustrasjon og sinne. Slik forklarte han seinare til politiet at han hadde blødd og fått eit merke på handa si.

Kvar fornærma vart av, har ingen sett. Rundt midnatt forlèt tiltalte hotellet gjennom hovudutgangen.

Kvifor han drog frå festen så tidleg forklarte han med at han var full. Krangelen med kjærasten hadde ikkje gjort kvelden betre.

Trappa der kvinna vart funnen ligg i ein annan fløy av hotellet. Ingen har sett paret i korridoren der.

Gjester vakna av lang uling

Det var også andre gjester på hotellet denne kvelden. Fleire familiar overnatta, men var ikkje ein del av arrangementet. Gjester som budde på rommet både rett ved trappa og i etasjen over vitna i retten. Dei skildra det dei høyrde på litt ulikt vis:

Ei lang uling. Kvinnehyl. Som nokon som var i stor naud. Springing i ei trapp. Risting i ei dør. Kvinne- og mannsstemme som ropa.

Ingen av gjestene gjekk ut og sjekka. Dei rekna med at det var ein del av festen.

Tiltalte og fornærma var godt kjende med hotellbygninga. Begge jobba der i feriar. Trappa går ned til ein utgang på sida av hotellet. Døra var stengd og vart ikkje brukt av gjestene denne kvelden. Tiltalte sa i retten at han ikkje var i den delen av hotellet den kvelden.

Blod frå tiltalte på trappeveggen

Like etter at kvinna var frakta ut av ambulansepersonalet, blei trapperommet vaska. Det var personale ved hotellet som gjorde dette sidan det var mange andre gjester på hotellet.

Dei kriminaltekniske undersøkingane viste likevel blodrestar: På veggen ein drope blod som stemmer med DNA til tiltalte. På dressjakka og buksene hans blod frå kvinna. Blodet hennar har vorte slynga ut. Det er ikkje snakk om blod som er vorte påført kleda hans til dømes ved å halde fast i han, påpeika aktor i prosedyren sin.

Tiltalte sa ingenting i det første politiavhøyret om at han ikkje hugsa noko særleg frå kvelden. Det kom seinare, i ulike versjonar, sa aktor, konstituert statsadvokat Gro Helland.

Forsvarer Kolbjørn Lium meinte politiet hadde tunnelsyn då dei etterforska saka. Det kan vere ei ulukke, ved at kvinna fall i trappa. Eller det kan vere ein annan som har skadd henne, meinte Lium.

Røros hotell

RØROS HOTELL: Arrangementet tredje juledag 2019 var svært poplært.

Foto: Bjørn Solli / NRK

Fleire tekniske bevis

Trøndelag tingrett meinte skadane kvinna fekk ikkje aleine kan skuldast eit fall i trappa. Blodfunn frå både tiltalte og fornærma på åstaden og på kleda hans, styrkar dette. Retten viste til sakkunnige som meiner kvinna vart påført stump vald fleire gonger på ulike stader i trapperommet.

Tiltalte sa i retten at han «håpa» det ikkje var han som hadde gjort det.

Retten mener det ikke er holdepunkter for at tiltalte ønsket å skade
fornærmede eller at han med hensikt skadet henne, men legger til grunn at han har handlet i affekt, men like fullt forsettlig,
står det i domen.

På veg heim ringde tiltalte fleire gonger til kvinna og la også igjen talemeldingar. Her spør han kvar ho vart av og korleis det går. Retten meiner tiltalte derfor var i stand til å også ringe etter hjelp. Om dette skriv retten:

Med hensyn til disse talemeldingene, tar retten i seg selv ikke stilling til hvorfor han gjorde dette; det kan ha vært for å dekke over det han hadde gjort, men det kan også ha vært for at han ville søke å finne ut av hvordan det hadde gått med henne.

Fleirtalet i retten følgde påstanden frå aktor om tre års fengsel.

Mindretalet, tingrettsdomar Brynjulf Moe, meinte fire månader kortare straff ville vere meir i samsvar med rettspraksis. Moe meinte også at oppreisningserstatninga burde vere på 200 tusen kroner. men fleirtalet i retten fastsette den til 250 tusen kroner.

Domen kjem til å bli anka, opplyser forsvarer Kolbjørn Lium.

–Vi meiner det er heilt uvisst kva som har skjedd. Bevisa som er lagde fram er langt i frå godt nok grunnlag til å døme tiltalte, skriv Lium i ei tekstmelding til NRK tysdag ettermiddag.