Hopp til innhold

Kinesarar skuffa over trøndersk anbods-nei

Selskapet Sichuan Road and Bridge Group (SRBG) seier selskapets er skuffa og overraska over at politikarane i Nord-Trøndelag ikkje let dei delta i konkurransen om bygging av Beitstadsundet bru, innerst i Trondheimsfjorden, enda selskapet var 40 millionar kroner billegare enn nest lågaste tilbod.

Kinesiske brubyggere i Narvik

Kinesiske "rallarar" har med seg flagget sitt når der arbeider på oppdrag på den andre sida av kloden, som her i Narvik.

Foto: NRK

Fylkesrådet i Nord-Trøndelag skal kommande tysdag endeleg bestemme om det kinesiske tilbodet skal leggast i ei skuff utan å bli reelt vurdert, og kven av dei to andre som har levert inn pris som skal få jobben, PNC eller Skanska.

Inga plikt til å godta kinesiske firma

Fylkesrådsleiar Anne Marit Mevassvik som sitt på oppseiing fram til Nord-Trøndelag fylkeskommune er historie 1. januar til neste år, seier ho vil godta berre anbydarar som fylkeskommunen gjennom internasjonale avtalar er forplikta til å godta, det vil seie firma innan EU og EØS-området, samt andre land Noreg har eigne handelsavtaler med, eller er forplikta til å vurdere anbydarar frå, gjennom handelsavtalen WTO, World Trade organisation og avtaleverket som gjeld derifrå.

Anne Marit Mevassvik, fylkesrådsleiar Nord-Trøndelag

Fylkesrådsleiar Anne Marit Mevassvik i Nord-Trøndelag vil ha lokale ringverknader av bruprosjektet fylkeskommunen no er i gang med.

Foto: NRK

– Mevassvik legg vekt på at fylkeskommunen ikkje har noko plikt til å vurdere anbod frå Kina.

Av argumenta frå fylkesrådet går det elles fram at dei vil at verksemd som foregår i deira region i størst mogleg grad skal bidra til lokal sysselsetting og arbeid og vekst lokalt.

Kinesarane bygger i nord

Kinas største brubyggerkonsern opererer alt i Noreg.

Dei vann konkurransen om bygging av Hålogalandsbrua i Narvik i ein anbodskonkurranse, og er full gang med bygginga der. Dette vil bli landets nest lengste hengebru. Stålet til brua er levert av eit kinesisk stålverk.

Hålogalandsbrua i Narvik under bygging

Arbeidet i Narvik vil forkorte E-6 strekninga frå Narvik til Bjerkvik med 18 kilometer.

Foto: NRK

Brukonstruksjonen blei frakta med båt til Noreg i sommar.

– Det er vanleg praksis at stålkassar til store bruer i Noreg blir bygd i utlandet, seier prosjektleiar på Hålogalandsbrua, Hans J. Arntzen frå Statens vegvesen.

For eit par veker sidan vart det siste brudekket løfta på plass.

Vil inn på den europeiske marknaden

Helgelandsbrua er det første større anleggsprosjektet eit kinesisk selskap har i Europa.

Selskapet Sichuan Road and Bridge Group (SRBG) seier selskapet sin strategi er å komme inn på den europeiske entreprenør-markedet.

70 kinesarar arbeider no på andre året på prosjektet i Narvik og arbeidarar frå Kina er i fleirtall på anlegget som også har norske tilsette.

– Det er ein god del innlegie av arbeidskraft og det er leige av maskiner og utstyr. I tillegg kjøper selskapet ein god del varer lokalt, seier Arntzen.

Statens Vegvesen er byggherre for den 1.540 meter lange brua i Nordland, som dei er det på Beitstadsundet bru i Nord-Trøndelag.

Beitstadsundet bru skal binde saman kommunane Steinkjer og Verran, som no er slått saman til ein kommune etter regionreforma.

Arbeid foran bygging av Beitstadsundet bru

Her skal Beitstadsundet bru binde saman Steinkjer med Verran. Men kinesiske entreprenørar vil fylkes-politikarane ikkje ha som brubyggarar.

Foto: NRK