NRK Meny
Normal

Kattem-siger på heimebane

Kattem slo Klepp 2-1 i serieopninga mandag ettermiddag.

Trondheims-Ørn - Kattem

Frå fjorårets møte med Trondheims-Ørn.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

Kampen blei spelt på heimebane på Fannrem i Orkdal.

- Det er viktig å vinne første kampen. Vi har hatt ein god vinter og jentene struttar av sjølvtillitt. I tillegg så fekk vi ei tidleg stadfesting på det arbeidet vi har drive på med, og det er alltid godt, seier trenar for Kattem, Kjetil Fosse til NRK Trøndelag.

Målet til Kattem denne sesongen er å etablere seg midt på tabellen. Dei to førre sesongane har dei slite med nedrykksspøkelset over seg. I år trur trenaren laget er rusta for å klatre på tabellen.

- Vi er betre fysisk trent og har ein tettare og jamnare stall. Ungjentene har tatt eit skikkeleg løft i vinter som gjer at vi har heva totalen i stallen. Vi jobbar også med å få eit tydeleg spelemønster både offensivt og defensivt, forklarar Fosse.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.