NRK Meny
Normal

Kan spare fleire hundre millionar på meir slitesterk asfalt

I Noreg brukar me grovt rekna 2–3 milliardar årleg på å legge ny asfalt. No viser ny forsking at samfunnet kan spare fleire hundre millionar ved å legge meir slitesterk asfalt, fortel forskar Sara Anastasio ved Institutt for bygg, anlegg og transport ved NTNU.

Asfaltlegging

Forsking ved NTNU viser at det kan lønne seg å legge ny asfalt på enkelte strekningar.

Foto: Knut Opeide / Knut Opeide

Ho kom til Noreg som utvekslingsstudent og er førebels den einaste i landet som har teke doktorgraden med asfalt som fokus. Forskinga til Anastasio er skriven om i Gemini, forskingsmagasinet til NTNU og SINTEF.

Sara Anastasio

Asfaltekspert Sara Anastasio er stipendiat ved NTNU. Ho har mellom anna funne ut at nedbør spelar ei rolle når det gjeld kor haldbar asfalten er.

Foto: NTNU / NRK

– På enkelte strekningar med mykje trafikk kan det lønne seg å legge meir slitesterk asfalt, seier forskar og stipendiat ved NTNU Sara Anastasio til NRK.

Rettleiaren til Anastasio og professor ved instituttet Inge Hoff meiner det også kan vere lønnsamt å skifte ut asfalten på strekningar med mindre trafikk, dersom klimaet viser at det er behov for det, skriv Gemini.no

Forskinga til Anastasio viser at nedbør spelar ei stor rolle for kor haldbar asfalten er. Piggdekk har også innverknad på kvaliteten, medan salt ikkje betyr like mykje som ein trudde før.

Fleire hundre millionar

Statens vegvesen brukar årleg 2–3 milliardar på nytt asfaltdekke. Dersom ein klare å auke levetida til asfalten med 1–2 år, kan ein spare 200–300 millionar i året, viser berekningar gjort av professor Hoff.

Men det er også andre forhold som spelar inn. Dersom underlaget er dårleg, blir ikkje effekten den same.

Anastasio forskar på kva material som er best å bruke i asfaltblandingar, og ho har tidlegare vunne ein konkurranse i regi av Nordisk vegforbund.

Ho har mellom anna funne ut at nedbør har mykje å bety for kvaliteten på asfalten.

– Vatn kan øydelegge samansetninga av asfalten, men vedlikehald har også mykje å seie, fortel Anastasio til NRK.

Samarbeid

Anastasio samarbeider allereie med ulike aktørar.

– Eg samarbeider og forskar med miljø utanfor universitetet, seier Anastasio til NRK.

Ho har mellom anna eit samarbeid med Statens vegvesen. Dei og Avinor har sponsa doktorgraden.

– Dei tykkjer arbeidet vårt er viktig og er glad me forskar på ulike asfaltblandingar.