Hopp til innhold

Kan slippe koking frå laurdag

Faren for å bli sjuk av vatnet i Steinkjer, kan snart vere over. Kommunen melder no at dei har grunn til å tru at det går mot friskmeldinga av drikkevatnet.

Drikkevann

Fleire tusen vassabonnentar må koke vatnet fram til det kjem ei friskmelding frå kommunen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Torsdag ettermiddag klokka 1530 gjekk det ut melding frå kommunen til fleire tusen av innbyggarane om at dei måtte koke drikkevatnet fordi det var oppdaga tarmbakteriar i vatnet.

– Det er no tatt nye prøver, resultatet av dei viser reint vatn. Likevel opprettheld vi kokepåbodet, seier Knut Morten Husby, ansvarleg for vatn og avløp i Steinkjer kommune.

– Vi vil få resultatet av enda nyare prøver laurdag formiddag. Dersom desse også er negative, det vil seie at det ikkje er bakteriar i dei, så vil vi oppheve kokepåbodet, seier han.

Varslar på sms

Men fram til det skjer, bør folk framleis koke vatnet dei skal drikke.

– Vi sender ut ny beskjed når vi veit, abonnentane blir kontakta på sms, samt at vi legg ut info på heimesida til kommunen, seier Husby.

For å få desse sms-varsla, må ein vere registrert med rett bustadadresse på nettstaden 1881.no, som kommunen brukar som register.

Dei med dårleg immunforsvar er mest sårbare

Faren ved at vatnet er forureina, er at folk kan bli sjuke av bakteriane i vatnet.

– Det er særleg folk med dårleg immunforsvar som er sårbare. De bør vere ekstra på vakt, og følgje pålegga som kjem, seier Jan Arild Røkke i Mattilsynet.

– Dei vanlegaste symptoma er magesmerter med diaré og kanskje oppkast, seier Røkke.

Årsaka til at prøvene hadde utslag på tarmbakteriar, er ikkje kjent enno.

– Jobben med å kartlegge kor bakteriane kan ha kome inn i systemet, startar no, seier Knut Morten Husby. Han reknar med å ha svaret på det klart over helga.