NRK Meny

Kan bli leiarkamp på Ap-årsmøte

Klubbleiar ved Norske Skog Fiborgtangen Svein Erik Veie, kan bli stilt som motkandidat til leiaren i Nord-Trøndelag Arbeidarparti på fylkesårsmøtet i helga, skriv Trønder-Avisa. Valkomiteen har samrøystes innstilt på gjenval av fylkesleiar Bjørn Engen. Det har vore murring i partiet etter fylkessamanslåingssaka, og kritikarane meiner Engen ikkje er rett leiar fram mot Stortingsvalet i 2017.