Kalla samar for pest – tiltalt for hatefulle ytringar

Han kalla samar for «pæst» i eit Facebook-innlegg om stenging av snøskuterløyper. No er selbyggen tiltala for hatefulle ytringar.

Skjermdump av samehets på Facebook.

TILTALT FOR INNLEGG: Ein selbygg er tiltalt for denne kommentaren på Facebook.

Foto: Skjermdump / Facebook

Det var eit innlegg på Facebook-sida til Holtålen kommune i april 2019 som fekk mannen til å skrive ting som gjer at han no er tiltalt etter den såkalla rasismeparagrafen i straffelova.

I samband med reinflyttinga, informerte kommunen om at ei snøskuterløype i Tydal og Holtålen ville bli stengt for sesongen. Meldinga kom like før påska i fjor:

– Kom sigande innover landegrensene som ein pest

Selbu er nabokommune med Tydal og Holtålen, og mange nyttar området til rekreasjon og hytteliv. 4. april skreiv mannen følgjande som kommentar til stenginga av skuterløyper:

«Ja reidriftsnæringa kom først men hvem var hær å ga lappen mat når dæm kom sigan inn over landegrensan som en pæst. Å i dag har dæm tatt urættmæssig overtatt alt utaforr gulstripa.»

Det er ordet «pæst» som statsadvokaten meiner er brot på punkt a) i paragrafen. Den seier det er straffbart å ytre noko som rammar personar på bakgrunn av hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav.

Kommentaren frå mannen vart kort etter fjerna av kommunen. Kommunen la også ut ei ny oppdatering 4. april om retningsliner for sosiale medier.

Her skriv Holtålen kommune at innlegg som kan vere til dømes «diskriminerende eller rasistiske slettes raskt og uten begrunnelse.»

Holtålen kommune på Facebook.
Foto: Skjermdump / Facebook

«Fremjar hat mot ei heil folkegruppe»

Det er statsadvokaten i Trøndelag som har tatt ut tiltalen. Aktor er politiadvokat Thomas Berg. Han skriv i e-post til NRK at det er viktig å straffeforfølgje hatefulle ytringar.

«Påtalemyndigheten mener i denne saken det er fremsatt et utsagn offentlig på Facebook som er straffbart fordi det fremmer hat mot en hel folkegruppe (den samiske befolkningen).»

Saka skal etter planen opp i Sør-Trøndelag tingrett 2. juni. Men koronasituasjonen gjer at mykje er usikkert når det gjeld kva saker som kan behandlast. For å hindre smitte og ikkje overbelaste rettssystemet, kom det eit nytt direktiv frå Riksadvokaten denne månaden.

Snøskuter

KONFLIKT OM SNØSKUTERLØYPER: Den tiltalte kom med ytringa på Facebook i samband med at Holtålen kommune informerte om at ei snøskuterløype i Tydal og Holtålen ville bli stengt for sesongen. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Bot i staden for fengsel på vilkår

I nokre saker der tiltalte ville ha fått inntil 45 dagars fengsel på vilkår, tilrår Riksadvokaten i staden eit førelegg, altså ei bot. Unntaket er valds- og seksuallovbrot og ruskøyring.

Politiadvokat Berg stadfester at påstanden i denne saka vil bli under 45 dagar. Om dette betyr at tiltalte i staden får ei bot, vil ikkje Berg svare på før han har snakka med forsvararen til tiltalte over påske.

Negative ytringar om samar har ein gong ført til domfelling, det skjedde i 2019.

Den same kommentaren skal og ha vorte skrive under eit innlegg på Facebook-sida til lokalradiostasjonen Nea Nadio, i samband med same saka om stenging av snøskuterløypa:

Laster Twitter-innhold

Vil fjerne paragrafen

Advokat Erik Vatne er tiltalte sin forsvarer. Vatne vil ikkje kommentere saka før han har konferert nærare med klienten sin.

Den såkalla «rasismeparagrafen» har dei siste par åra ført til mykje debatt. Fleire tek til orde for at den bør fjernast fordi dei meiner den strid mot ytringsfridomen.

Ein av dei er dansken Flemming Rose. Han vart verdskjend då han som kulturredaktør i Jyllandsposten i 2005 trykte teikningar av profeten Muhammed. Rose viser også til debatten i USA og korleis ein skal kjempe mot hatprat.