Hopp til innhold

Juridiske revestreker for retten – mann tiltalt for å avle fram rev som kjæledyr

Er reven eit vilt eller eit tamt dyr? Det er spørsmålet Sør-Trøndelag tingrett behandlar tysdag. På tiltalebenken sit Joakim Nilsen (42). Han nektar å betale bota han har fått for å avle fram og selje blårev og sølvrev som kjæledyr.

reven

PÅ LIK LINJE MED SAU: Joakim Nilsen er tiltalt for å avle fram rev som kjæledyr. Han meinar at reven må anses som husdyr – på lik linje som sau og høns.

Foto: Mari Svenning / NRK

Nilsen bur på Oppdal og har i fleire år lege i konflikt med Dyrevernalliansen og miljøstyresmakter etter at det vart kjent at han held rev i fangenskap.

Nilsen nektar å betale bota på 15000 kroner for brot på paragraf 56 i Viltlova. Dermed endte saka i retten. Han avlar på blårev og sølvrev som vart ført inn til Noreg for 100 år sidan og brukt i pelsdyrnæringa. Tiltalte hentar dyra han avlar på frå revefarmar. Dette er husdyr, på line med sau eller ku, meiner tiltalte.

Dette er vilt, bokstavleg tala, i følgje aktor, politiadvokat Alf Rune Nilsen. Rev er ikkje husdyr og kan derfor ikkje haldast i fangenskap, påpeikte aktor.

Viltlova forbyr vilt i fangenskap

Han fekk støtte frå seniorrådgjevar Nils Kristian Grønvik i Miljødirektoratet som vitna i retten:

– Rev og mink blir rett nok brukte i pelsdyrproduksjon og er unntatt frå Viltlova på line med til dømes dyr i sirkus og forskningsprosjekt som på fjellrevbestanden. Men omgrepet «vilt» er knytt til arten, som rev. Altså om arten er «vill», ikkje til det enkelte individet, forklarte Grønvik.

– Ein rev blir ikkje eit husdyr berre fordi eit individ er fødd i fangenskap. Derimot er eksotiske dyr som papegøyer og alligatorar ikkje omfatta av viltlova, fordi desse artane ikkje kan overleve ute i den norske naturen, sa Grønvik.

Joakim Nilsen

FORSVARER SEG SJØLV: Nilsen har ikkje rett på offentleg forvarer og har ikkje pengar sjølv til å betale for advokat. Derfor forsvarer han seg sjølv seg Sør-Trøndelag tingrett.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Har ikkje råd til advokat

Joakim Nilsen titulerte seg i retten som «sosialklient» og på grunn av sjukdom har han ikkje arbeidd på ei stund. Han har ikkje rett på offentleg forvarer og har ikkje pengar sjølv til å betale for advokat. Derfor forsvarer han seg sjølv seg Sør-Trøndelag tingrett.

Han opplyste at prisen på revane han sel varierer frå 15000 til 25000 kroner. Men kor mange han har selt, ville han ikkje opplyse om i retten.

Reveavlaren hadde innkalla professor i etologi ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), professor Bjarne Olai Braastad,som vitne. Inntil 2003 forska Braastad på åtferd hos sølvrev.

– Kan tamrev frå pelsdyrfarmar sjåast på som vilt, spurte tiltalte.

– Eg synes det er ein underleg påstand. Ein tamrev er ikkje viltlevande og har ikkje vore det på 100 år. Og det er jo mange ville arter som høns,kattedyr og reptilar som lever i fangenskap fordi dei er avla der. Alle dyr vi held i fangenskap blir sett på som husdyr, sa Braastad.

Men det er viktig at avla tamrev blir kastrerte, slik at dyra ikkje øydelegg det genetiske grunnlaget om dei rømer, sa Braastad.

I retten viste tiltalte fram fleire artiklar og videoar som han meiner underbyggjer synet hans på korleis reven har endra åtferd opp gjennom tidene. Nilsen viste også til at det ikkje er forbode å halde rev som husdyr.

rev3

MELDE TIL POLITIET: Det var Dyrevernalliansen som melde Joakim Nilsen til politiet i 2017.

Foto: Mari Svenning / NRK

Under halvparten av revane «tamme»

Det var Dyrevernalliansen som melde Joakim Nilsen til politiet i 2017 etter fleire tips frå personar som visste om reveavlen på Oppdal. Jurist i Dyrevernalliansen, Live Kleveland, vitna for aktoratet tysdag.

Ho sa det er viktig å få avklart spørsmålet om rev er omfatta av viltlova. Politiet la bort saka etter "bevisets stilling" tidlegare i år. Men dette var ikkje Joakim Nilsen nøgd med, han ville at politiet skulle bruke «intet straffbart forhold». Dermed vart saka opna på nytt og det var Statsadvokaten som ga Nilsen eit førelegg på 15000 kroner for å halde ville dyr i fangenskap.

I retten viste aktor til ein undersøkning frå 2011 om at 40 prosent av revane som var undersøkte på pelsdyrfarmar var "tamme" i den forstand at dei åt i nærleiken av framande menneske.

I 2004 gjorde næringa sjølv ei undersøkjing av lynnet til rev, som viste at serleg blårev viste å ha fått meir tillit til menneske.

– Rev kan vere husdyr

Aktor sa i sluttinnlegget sitt at lova om kva som er «vilt» er tydeleg nok, det same meiner Miljødirektoratet.

– Tiltalte har hatt alle sjansar til å endre denne kjæledyrverksemda, før bota vart gitt, sa aktor Nilsen.

Han la ned påstand om at tiltalte Nilsen må dømast til ei bot på 18000, alternativt 36 dagar i fengsel.

Reveavlaren på Oppdal meiner også etter dagens behandling i retten, at tamreven skil seg så mykje frå villrev at den bør sjåast på som ein hund. Og dermed eit husdyr.

– Er Viltlova til for å kverulere med domstolane, eller for å verne naturen, spurte tiltalte i sluttinnlegget sitt.

Han svarte sjølv at lova bør brukast til å verne om mangfaldet. Derfor synes han det er viktig å få prøvd saka si for retten.