Julenissens umoglege oppdrag

Det er faktisk Svarte Petter som er opphavet til myten om at julenissen kjem gjennom pipa med julegåvene. Nei, ikkje erkeskurken i Mikke Mus – men ein katolsk nissehjelper.

Hvert år blir mellom 30 og 40.000 brev til Julenissen omadressert til Julehuset i Drøbak. Her er noen av bekymringene barna har.

Ein mann utkledd som julenissen blir lyfta av ein kran mot «verdas første julenissevennlige skorstein» i Somerford Keynes, i England, 9. desember 2011. Denne store pipa blei spesialbygd av ein familie fordi den seks år gamle sonen, Leo Park, blei uroa for at julenissen ikkje ville få plass i den opphavlege pipa i huset, skriv Reuters.

Birger Sivertsen

Forfattar Birger Sivertsen har skrive fleire bøker om jul og tradisjonar.

Foto: ASCHEHOUG

Forfattar Birger Sivertsen i Trondheim har skrive fleire bøker om jula. Han har òg fått lese alle breva som barn frå heile verda skriv til julenissen.

Kvart år blir nemleg 30 000 til 40 000 brev og kort til julenissen «omadressert» til Julehuset i Drøbak av Posten.

Er det noko som går igjen i breva, så er det at mange barn er opptatt av nissen sitt ve og vel når han skal levere gåvene via skorsteinen:

Kjære julenissen. Du må ikkje gå ned i pipa, for vi skal fyre. Dessutan er det eit rør i pipa som kan gjere at du set deg fast. Ring på døra i staden.

Eit barn som har skrive til nissen

Denne jula kan du smøre olje på kleda så slepp du å setje deg fast som du gjorde sist. Da kom du ikkje.

Eit barn som har skrive til nissen
FINLAND-FATHER CHRISTMAS

Julenissen avbilda i Rovaniemi, Finland. Det er uvisst om dette er før eller etter han har vore nedi pipa med julegåvene til barna. I Rovaniemi har de bygd eit julenisseland, som turistar frå heile verda kjem og besøker.

Foto: Martti Kainulainen / AFP

Svarte Petter frå Nederland

– Først då eg byrja å lese breva, gjekk det opp for meg kor mykje julenissen betyr for mange, òg vaksne. Nissen er ein sterk mytisk skapning.

– Mange av brevskrivarane avsluttar òg med «og hels til Jesus», seier Sivertsen.

Men òg historia om nissen i Europa har eit religiøst opphav, nemleg Nikolaus (fødd rundt år 280) og som vart til den katolske helgenen St. Nikolaus. Han kom med gåver til dei snille barna, og i nokre land hadde han ein tenar som ga ris til dei ulydige ungane.

I Nederland heitte han Swartz Piet, eller Svarte Petter, og var òg den som leverte pakkane ved å klatre ned gjennom pipa.

Saint Nicholas is escorted by an assistant called "Zwarte Piet" Black Pete during a traditional parade in central Brussels

St. Nikolaus blir eskortert av «Zwarte Piet», eller Svarte Petter, under ein juleparade 3. desember 2016 i Brussel, Belgia.

Foto: Yves Herman / Reuters

Julenissen må sjølv nedi pipa

Utvandringa frå Europa til Amerika på 1700-talet skapte julenissen slik vi kjenner han i dag: Ei samansmelting av St. Nikolaus, på nederlandsk Sinterklaus, og amerikanske forteljingar om nissen på reinsdyrslede gjennom lufta.

– Og ikkje minst: Tenaren Svarte Petter forsvann. Dermed måtte nissen sjølv manøvrere seg ned pipa, fortel Sivertsen.

– Men kvifor kan ikkje nissen gjere det litt meir komfortabelt for seg sjølv: Ringe på døra, legge gåvene på trappa og springe avgarde før døra blir opna ?

Sivertsen ler og svarer med eit motspørsmål:

– Er det ikkje herleg at vi framleis har fenomen vi ikkje skjønar?

Glædelig Jul, ca 1917

Eit norsk julekort frå rundt 1917.

Foto: Christian Magnus / Nasjonalbiblioteket

Gir råd til den tjukke nissen

I norsk folketru hadde guden Tor ei vogn med geitebukkar som for over himmelen. Dette finn vi att i amerikanske Santa Claus med reinsdyrsleden som landar på hustaka i USA og sklir ned pipa med gåvesekken.

Coca Cola nissen

Her er ei av utgåvene av nissen slik Coca-Cola gjerne ser han.

Foto: Coca Cola

I Noreg er ikkje sleden så sentral i forteljinga. Men mange barn er opptatt av nissen ferd gjennom skorsteinen, opplyser Sivertsen, og viser igjen til alle julebrevene:

– Ein gut er uroa over at nissen er vorten så tjukk. Derfor har vedkomande lagt ei stor flaske olivenolje i hagen. Rådet til nissen frå avsendaren er at nissen kler av seg og oljar seg inn for å kome gjennom pipa, fortel Sivertsen.

Kjære nisse. Håper reinsdyra ikkje blir skada og at du ikkje blir brent når du går ned pipa.

Eit barn som har skrive til nissen

Kjære julenissen. Eg er hos farmor og farfar julaften. Dei har fjernvarme!

Eit barn som har skrive til nissen

Julenissens evolusjon

Sjå video der NRK P3 forklarer korleis vi enda opp med dagens julenisse: