NRK Meny
Normal

Juba Juba heile helga i Trondheim

For andre gong blir Juba Juba-festivalen arrangert i Trondheim. Det er den største barnefestilvalen i Midt-Norge - over 4000 var innom i dag.

JubaJuba-festival 2016

På barnefestivalen i Trondheim kunne borna i dag gje 'high five' med sjølvaste Darth Vader og hans Stormtrooper frå Star Wars...

Foto: Hilde Zahl / NRK

– Det var tanta mi som inviterte meg med, dette er artig, seier Torstein Altmann Krogstad på 10 år, og nemner fysikkshowet til Selda.

– Eg synest det var artig å sjå eksplosjonar!

Simon Abrahamsen Nordvik (7), synest også det er artig å vere på festival.

– Fordi det er så mange ulike leikar vi kan delta i og vi kan bli med på mange ulike aktivitetar.

Simon Abrahamsen og Torstein Altmann Krogstad

Simon Abrahamsen Nordvik (7) og Torstein Altmann Krogstad (10) var blant dei som kosa seg på festivalen i dag. Bak sit Sara Abrahamsen (t.v.) og Grethe-Alina Krogstad.

Foto: Hilde Zahl / NRK

Konsertar, teater og show

På festialen i Festningsparken er det konsertar og teater på ulike scenar, det er ulike show og det er mange ulike aktivitetar. I det heile tilbyr arrangørane mange ulike tilbod til både små og store.

– Vi som står bak har planlagt festivalen i mange år, men vi har ikkje hatt tid til å koma i gang før no, altså i fjor, seier festivalsjef Merete Moum Lo.

Festivalsjef Merete Moum Lo, JubaJuba-festivalen

Merete Moum Lo er festivalsjef. - Trondheim trengte ein slik festival, seier ho.

Foto: Hilde Zahl / NRK

– No er vi kjempeglade for at vi endeleg er i gang, vi hadde på følelsen at dette trengte Trondheim, seier ho.

– Moro å sjå så mange glade ungar!

– Og det synest eg publikumstilstrøyminga tilseier, legg ho til, og kikar rundt seg, der det vrimlar av folk på festivalområdet.

– Det er så artig å ha kome dit vi er i dag! Det er veldig moro å sjå så mange glade ungar over alt!

Og det er nettopp litt av poenget, meiner Moum Lo, at borna treng eit slikt tilbod.

– Born fortener også ein festival!

– Det er jo slik at vi vaksne har ein festival kvar einaste månad av eit eller anna slag, medan born ikkje har så mange festivaltilbod. Det synest vi at dei fortener, på linje med oss vaksne. Vi må ta borna på alvor og gi dei eit skikkeleg kulturtilbod, seier festivallsjefen.

Juba Juba festival i Trondheim 2016

Festivalen held til Festningsparken, der det er god plass til å arrangere familiefestivalen.

Foto: Hilde Zahl / NRK

I fjor var var det 7000 som besøkte festivalen, fordelt på dei to dagane.

– Fantastisk

– Eg synest det er heilt fantastisk med ein slik festival, seier Ola By Rise, kommunaldirektør for kultur og næring i Trondheim. Det var jo ein suksess då festivalen vart arrangemrt for første gong i fjor, trass i dårleg vêr.

– Og i år er vêret betre.., seier Rise, som lovprisar ein slik festival.

Og det gjer også kulturminister Linda Hofstad Helleland.

– Eg synest det er fantastisk med ein barnefestival. Sjølv er eg veldig glad i festivalar, og eg synest det er flott at også ungar får gleda av å oppleva kultur på ein slik måte. Dette er eit fint tilbod som eg er glad for at ungane her i Trondheim får lov til å oppleva, seier kulturministeren.

Over 4000 innom første dagen

Juba Juba-festival 2016

4300 var innom portane på festivalen i dag. Arrangørane håpar det kjem enno fleire i morgon.

Foto: Hilde Zahl / NRK

Når første dag av festivalen går mot slutten har 4300 vore innom portane i Festningsparken.

Juba Juba festival - show

Star Wars-imperiet heldt vakt framfor hovudscena under opninga i 12-tida i dag.

Foto: Hilde Zahl / NRK

Arrangørane håpar håpar på enno fleire i morgon - og på komande festivalar.

– For vi har ikkje tenkt å gi oss med det første, seier festivalsjef Moum Lo optimistisk.

Og ho legg til:

– Når eg var liten så fantest det ikkje nokon barnefestival. Eg trur eg hadde blitt veldig glad dersom det hadde gjort det!