Hopp til innhold

Jordskred i Trondheim – fem personar evakuerte

Ingen hus vart tekne av raset. NVE fryktar det er kvikkleire i skredområdet.

Jordskred i Klæbu

JORDSKRED: Det har gått eit 40 meter breitt jordskred i Klæbu i Trondheim. Fem personer er evakuerte.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

To husstandar med totalt fem personar vart evakuerte etter jordskredet.

– Det har gått eit lite ras på om lag 40 meter breitt og ti meter djupt, sa innsatsleiar Ole Stig Bjørhovde i Trøndelag politidistrikt onsdag kveld.

Skredet skal ha gått like før kl. 21 i Amundsdalvegen i Klæbu, sør i Trondheim.

Ingen hus tekne av skredet

– Raset har gått tett inntil det eine huset, men ingen hus er tekne av raset, opplyser operasjonsleiar Ebbe Kimo i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Jordraset har gått ned i ei lita elv, ifølgje innsatsleiaren.

– Med tanke på at det er meldt veldig mykje regn utover kvelden og natta, har vi for sikkerheits skuld valt å evakuere to hus, sa Bjørhovde onsdag kveld.

Innsatsleiar Ole Stig Bjørhovde i Trøndelag politidistrikt

POLITIET:: Innsatsleiar Ole Stig Bjørhovde i Trøndelag politidistrikt.

Foto: Morten Andersen / NRK

Fryktar kvikkleire i skredområdet

Geoteknikarar frå NVE vart kontakta for vurdering av staden.

Det var veldig mørkt, så dei bestemte seg for å undersøke rasområdet i dagslys. Torsdag har det blitt gjort boringar i området.

– Det er ei bratt skråing. Den er ikkje stabil endå, fastslår sjefingeniør Mads Johnsen i NVE.

Multiconsult har no kome med ein midlertidig rapport. I rapporten anbefaler dei at vegen blir overvaka.

– Alt tyder på at det kan vere kvikkleire. Vi må vente på den endelege rapporten før dei fem evakuerte kan få flytte heim att, seier Johnsen til NRK.

Han opplyser om at det er ei stor kvikkleiresone på den andre sida av bekken – like ved skredet.

Sjefingeniør i NVE Mads Johnsen avbildet i forgrunnen av rasområde i Klæbu.

SJEFINGENIØR: Mads Johnsen er sjefingeniør i NVE. Han seier alt tyder på at det er kvikkleire i skredområdet.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Flaum- og jordskredvarsel

Det er sendt ut flaum- og jordskredvarsel på gult nivå for Møre og Romsdal og Trøndelag frå tysdag kveld fram til natt til fredag.

– Det er fare for overvatn i tettbygde område, lokal overfløyming, bekke- og elveløpsendringar, jord- og flaumskred der regnbyene treffer, heiter det i skredvarselet.

KLÆBU: Fem personar er evakuerte etter eit jordskred i Klæbu i Trondheim onsdag kveld.