Hopp til innhold

Jönsson er frista av RBK

Jan Jönsson innrømmer at han er frista til å ta over Rosenborg neste sesong.

Video Jan Jönsson

Jan Jönsson syns Rosenborg har ein spennande historie.

Foto: Nyhetsspiller

– Eg er open for ein ny samtale når den tid kjem, og det er dei klar over i Stabæk, så det er ingen løyndom, seier Jan Jönsson til NRK.no.

Suksess med Stabæk

Siden 2005 har han trent Stabæk og hatt stor sukess. Men alt har ein slutt , også for Jan Jönsson. I dag blei det kjent at han gir seg som trenar for sin noverande klubb etter sesongen.

– Eg har hatt det veldig bra i Stabæk, men vil likevel sikte meg inn på noko anna, seier Jönsson.

Han innrømmer at Rosenborg er ein spennande klubb.

– Rosenborg er ein sterk klubb med ambisjonar og eit sterkt heimepublikum. Det er ein heil region som lever med laget. Dei vil vere med i den norske troppen, samstundes som dei vil gjere det bra ute i Europa.

Liker RBK-historien

Den svenske trenaren har eit veldig godt inntrykk av Rosenborg som klubb og er begeistra av historien til klubben.

– Rosenborg er ein av dei sterkaste klubbane i Skandinavia, og det veg ganske tungt. Eg har takka nei til fleire utanlandsjobbar, seier Jönsson.

Om Jönsson vel gå bli trenar for eit konkurrerande lag, blir det litt rart syns spissen i Stabæk.

– Vï får håpe han går til utlandet, for om han reiser til Rosenborg, vil det følast litt rart, seier Daniel Nannskog.