Hopp til innhold

– To dagar etter at eg slutta med snus, stod eg og brølte til familien min!

Simon (38) vart så sint av abstinens, at han måtte be om tilgiving. Da er det fint å ha ein eigen forsoningsdag.

Simon Kahn med familie

Rosa på fire, mor Stina, far Simon og Adam på to, herjar i sofaen heime i stova.

Det var ein sein forsommarkveld at Simon Kahn sat i stua si og rekna på kor mykje dyrare alt hadde vorte. Straum, mat, renter. Og snus.

Strategien hadde vore å ikkje tenke på kor mykje pengar som vart brukt på tobakk. No drog han fram kalkulatoren, og vart sveitt av tala han såg.

Dato for snusslutt var sett til første dag i ferien.

Det skulle ikkje bli lett, ikkje for Simon sin familie heller.

Rydd opp-dagen

Simon Kahn er jøde. Det betyr ikkje at det er noko enklare for han å slutte med snus enn det er for andre, men eitt fortrinn har han.

Jødedommen har nemleg ei årleg påminning. Simon kallar det «rydd opp-dagen».

Simon Kahn

- Det i hvert fall ikkje min feil, tenkte eg, når ting butta under snusslutten, hugsar Simon.

- Det i hvert fall ikkje min feil, tenkte eg, når ting butta under snusslutten, hugsar Simon.

Det handlar om å bruke ein dag i året til å granske seg sjølv, og velje å gjere godt att, det som gjer deg sjølv eller andre vondt.

Det kan vere å slutte med noko du ikkje vil halde på med, eller å be om unnskyldning for noko du har sagt eller gjort.

Simon har dårleg samvit for familien sin.

Det er han ikkje aleine om.

Les også De tilhører en eldgammel minoritet. Nå utfordrer de forfedrenes tradisjoner og regler

Fire unge jøder - bredde

Ikkje meir dårleg samvit

Når 21 år gamle Nadine Philipson tenker på mormor Kari Fuglevaag (76), blir ho både glad og litt trist.

Nadine Philipson

Nadine opplever forsoningdagen som eit pusterom frå ein hektisk kvardag.

Nadine opplever forsoningdagen som eit pusterom frå ein hektisk kvardag.

Å få vere aleine hos mormor, utan dei små syskena, var det beste Nadine visste da ho vaks opp.

No er ho student i Trondheim. Mormor bur i Sande, ein times køyretur frå Oslo.

Nadine har nett feira rosh hashana, jødisk nyttår. Det er ti dagar mellom jødisk nyttår og forsoningsdagen.

Dagane gir Nadine ro til å tenke på kva ho vil endre i eige liv.

Ho treng ikkje tenke lenge. For ho kjenner ofte på dårleg samvit for at ho ikkje besøker mormor så ofte som ho eigentleg ønsker.

Mormor Kari og Nadine

- Mormor er ei reflektert kvinne med ro i sjela, fortel Nadine.

Foto: Simon Golombek

- Mormor er ei reflektert kvinne med ro i sjela, fortel Nadine.

Foto: Simon Golombek

– Eg kan studere og jobbe hardt, men om eg droppar å bruke tid på dei eg er glad i, kva er da meininga med livet?

Det spør ho seg om, Nadine, før ho held fram med ei erkjenning om tid.

– Eit besøk hos mormor varar mykje kortare enn all tida eg bruker på å gå omkring med dårleg samvit for at eg let det vere.

Nadine Philipson

- Høgtida gjer at eg får ro til å kjenne etter kor viktig familien min er for meg, seier Nadine.

- Høgtida gjer at eg får ro til å kjenne etter kor viktig familien min er for meg, seier Nadine.

Ein ting er å ha dårleg samvit for andre, men kva gjer du om du har dårleg samvit for deg sjølv?

Les også Roberts familiebedrift har en brutal historie

Robert Klein, daglig leder av Kleinskjeden.

Å ta grep om eiget liv

Da Sarah Serussi var barn, feira familien hennar forsoningsdagen ved å slå av TV-en og heller lese bøker.

Da det vart stille i huset, fekk vi rom til å tenke, hugsar ho.

No har ho vorte 32, og mor til vesle Sophia.

I tida etter fødselen har Sarah via all merksemd til dottera som fylte 2 år i sommar. Eigne behov har blitt sett på vent.

Sarah Serussi

– Eg vil gjerne legge frå meg ideen om «den perfekte mor», fortel Sarah.

– Eg vil gjerne legge frå meg ideen om «den perfekte mor», fortel Sarah.

Ho har ikkje alltid nytta den jødiske forsoningsdagen til dei store refleksjonane, men i år vil ho gjere det.

Mellom anna vil ho faste i 25 timar, slik tradisjonen oppmodar til.

– Å la vere å ete i eit døgn, kan hjelpe meg til å bli meir fokusert på det eg ønsker å vedgå for meg sjølv, fortel Sarah.

Ho har fleire mål. Ho vil øve seg på å gjere aktivitetar aleine, utan å få dårleg samvit overfor dottera si.

Også skal ho bli flinkare til å seie «nei» til det som stel meir energi enn det gir.

Sarah Setussi

Sarah vil redusere sitt eiget behov for kontroll, slik at sambuaren hennar kan få meir ansvar i heimen.

Sarah vil redusere sitt eiget behov for kontroll, slik at sambuaren hennar kan få meir ansvar i heimen.

Nadine og Sarah kan sjølv bestemme at dei vil gjere ei endring i eige liv.

Simon er avhengig av at familien tilgir at han oppførte seg dårleg da han skulle slutte å snuse.

Den hjelpsame skuldkjensla

For at ei unnskyldning skal ha verdi, er det spesielt ein ting som er viktig, seier psykolog Johanne Refseth.

Ho fortel at personen som ber om tilgiving må vere konkret om kva hen ber om unnskyldning for.

Du må seie kva du trur det gjorde med den andre personen, og du må fortelje korleis du vil hindre at det skjer igjen, held ho fram.

Skuldkjensla, når vi bruker ho rett, er viktig fordi den skal hindre oss i å gjere noko liknande igjen.

Og den same kjensla skal hjelpe oss med å reparere relasjonar.

Det trengst, skal vi tru psykologen, for gode relasjonar er den faktoren som er mest avgjerande for menneskeleg lykke.

Johanne Refseth

- Eg trur definitivt at tilgiving er eit tema som treng ein eigen dag! seier Johanne Refseth, kjent som psykolog med sovepose.

Foto: Johanne Refseth

- Eg trur definitivt at tilgiving er eit tema som treng ein eigen dag! seier Johanne Refseth, kjent som psykolog med sovepose.

Foto: Privat

Jom kippur er ein religiøs dag, men høgtida kan og ha ein universell funksjon.

– Sjølv om vi lever i eit sekularisert samfunn, er det ikkje til å komme ifrå at religionar har mange fine oppskrifter rundt grunnleggjande psykologiske ting, seier psykolog Johanne.

Ein god unnskyldning

I samband med at Simon skulle frigjere seg frå tobakken, gjorde han fleire ting han angrar på.

– Å droppe snusen fyrste feriedag var skikkeleg dumt! Eg hadde jo altfor god tid til å tenke på kva eg sakna, fortel han.

Den fyrste dagen gjekk eigentleg ganske greitt, men på dag to, rakna det for Simon.

Nett denne dagen var han, kona og dei to ungane deira bedne heim på middag hos Simon si mor.

Blodsukkeret var lågt og abstinensnivået høgt da han sette seg til bordet.

I eit lite kaos som oppstod med ungar og mat og prat, begynte han brått å brøle til heile familien.

– Eg skjelte dei ut, fortalde dei at dei var idiotar alle i hop, fortel Simon.

Simon Kahn med familie

– Å rydde i gammalt grums, lettar hjarte og sinn, meiner Simon.

Dagane utan tobakksrus vart til veker, men det dårlege humøret slapp ikkje taket.

Simon sakna snusen så sterkt.

– Det gjekk så langt at far min spurte meg om eg ikkje skulle begynne på att, fortel Simon.

Det spørsmålet, i lag med tankar kring rydd opp-dagen, gav han ein dytt i rett retning.

Simon svelgde stoltheita si, og bad familien om unnskyldning.

Og jom kippur har blitt ei god påminning om korleis han ikkje vil oppføre seg i framtida. Men snusen er han kvitt.

Høyr meir om jom kippur og dei fire stega for tilgiving i «Kompass».

Dette den alvorligste dagen i det jødiske året. Man faster og unngår alt unødvendig arbeid. Dagen henger sammen med historien om Moses.

Dette den alvorlegaste dagen i det jødiske året. Man faster og unngår alt unødvendig arbeid. Dagen henger saman med historia om Moses.

Nyttige jødiske ord og begreper