NRK Meny
Normal

Jens lovar miljømillionar

Statsminister Jens Stoltenberg opnar pengesekken og lovar millionstøtte til Trondheim om "miljøpakka" blir innført.

Jens Stoltenberg
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

På Arbeiderpartiets årsmøte i helga blei det bestemt at partiet skal jobber for å gjere Trondheim til ein meir miljø- og klimavenleg by frå årsskiftet.

For å greie det vil partiet innføre ei miljøavgift på 60 øre per liter på bensin og diesel, to nye bomstasjonar og parkeringsavgift på alle kjøpesenter.

Les også: Dyrere drivstoff i Trondheim

- Eg er veldig glad over at Trondheim tek dette initiativet for å styrke kollektivtrafikken og avgrense biltrafikken. Det blir spennande å sjå om fleire vil følgje etter, seier statsminister Jens Stoltenberg til Aftenposten.

Meir pengar

Regjeringa har lovd statleg støtte til kommunar som vel å satse  på kollektivtrafikken. Dei har sett av 330 millionar kroner på statsbudsjettet. Dette er ei auke på 165 millionar kroner frå førre års budsjett.

I Trondheim håpar politikarane at dei kan få 95 millionar kroner frå staten.

- Vi vil sjølvsagt også premiere Oslo, Bergen og andre borgarlege styrte kommunar om dei innfører tilsvarande tiltak, seier Stoltenberg til Aftenposten.

Fyller i Klæbu

For Framstegspartiet i Sør-Trøndelag blir miljøsatsinga til Trondheim Arbeiderparti tatt imot som ei politisk gåvepakke.

- Bensinavgifta i Trondheim er fullstendig vanvittig. Folk kjem til å køyre ut av byen og tanke der. I Klæbu, til dømes, der Frp sit i posisjon, er det heilt uaktuelt å innføre ekstra bensinavgift, seier Per Sandberg, som er leiar av Stortingets transportkomité til avisa.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25