NRK Meny
Normal

Soddjazz Inderøys sikraste vårteikn

Sodd og jazz er så godt som to synonym i Inderøy. I alle fall denne helga, da Soddjazz igjen pregar landbruks- og kulturbygda.

Sodd-jazz Inderøy

Tre dagar i april er det Sodd-jazzfestival i Inderøy.

Foto: Amanda Iversen Orlich

Soddjazz er ikkje av verdas største jazzfestivalar, heller ikkje av Noregs riktig heilt store, men kvaliteten på artistane og musikken skal ingen klage på.

I år går festivalen av stabelen på 23. året.

Forfatter Yngve Kvistad åpner Sodd-jazz 2017

VG-journalist og forfattar Yngve Kvistad frå Inderøy, har skrive bok om sodd. Dermed var han eit heilt naturleg val til å opne årets Sodd-jazzfestival.

Foto: Amanda Iversen Orlich

Festivalen går alltid over tre dager sist i april, og kvart år består konsertlista av dei beste artistar tilgjengelege, til det som etter kvart har blitt ein Inderøy-happening blant fleire i sommarhalvåret.

Musikarane kjem av og til med Inderøy som sin neste spele-destinasjon frå byar som Krakow og New York.

Dei høyrer rett og slett til den ypparste toppen innan både norsk og internasjonal jazz.

Med levande hjarte for jazz

Sodd-jazz har sin eigen festivalgeneral, Olav Kalhovd, med eit stort hjarte for musikkforma. Musikar sjølv er han, og organisator i ei årrekke for festivalen som gjer alle vårar litt annleis på Inderøy.

Olav Kalhovd leiar Sodd-jazz 2017

Olav Kalhovd er ei sentral drivkraft for jazzfestivalen i Inderøy.

Foto: Amanda Iversen Orlich

I helga spring han meir enn han går.

Slik er det når ein skal arrangere festival. Tusen ting skal på plass og kor festivalgeneralen er, er alltid eit spørsmål. Men han rosar folka sine, dei som får alt det praktiske til å fungere.

Som i alle år er det elevar fra jazzlina på Sund Folkehøgskole som tar dei praktiske jobbane.

Det var der ideen om jazz på folkehøgskolen oppstod og vart ein realitet tilbake i 1992, da jazzlina opna. Eit par år etter kom festivalen.

Tidlegare elevar kjem tilbake som toppmusikarar

Etter nokre år kjem dei tidlegare elevane og creew-leiarane tilbake til Inderøy og Soddjazz som toppskorande artistar.

I år var det den tidlegare eleven Hedvig Mollestad sin tur til å kome attende til Inderøy som leiar for sitt eige band, Hedvig Mollestad Trio.

Hedvig Mollestad på Sodd-jazz 2017

Hedvig Mollestad på scena under Sodd-jazz i Inderøy.

Foto: Amanda Iversen Orlich

Stokkane i langhuset på Øyna pusta litt ekstra i treverket, mens gitarsoloane, bass-soloane og slagverksoloane bølga fram over tilhøyrarane.

Hedvig Mollestad sin bagasje var forsinka frå Krakow. Men på scena kom ho, og med fullt trøkk, på Øyna-parken seint denne torsdag kvelden, da Soddjazz 2017 verkeleg kom igang.

Da klokka gjekk mot midnatt, hadde mørkret kledd himmelen over Inderøy og det svingte framleis inne på Øyna.

Etter konserten var lufta klår ute, og vinden sval.

Fredag kveld var det klart for Espen Berg. Ifølgje festivalsjefen ein fantastisk pianist. I år stilte han med eigen trio.

Espen Berg er NTNU-stipendiat, og fekk i fjor det prestisjetunge jazz-stipendiet på ein million kroner frå Molde jazzfestival.

Inderøy storband er 40 år i år, det blir markert. Det er indisk musikk på Inderøy denne helga, og det blir danske Carsten Dahl Experience, med meire å høyre.

Hoem/Inderberg – to kulturhøvdingar i møte

Laurdag kveld stod norsk jazz sin no etter kvart betydelege grand old man, Jon Pål Inderberg på scena i det nye kulturhuset Akset (trykk på første staving), saman med sin samarbeidspartnar i mange samanhengar, diktaren Edvard Hoem.

Edvard Hoem

Edvard Hoem, diktar, biograf, slektsgranskar, debattant og kritikar. Laurdag kveld står han på jazz-scena i Inderøy.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK
Jon Pål Inderberg på barytonsaksofon.

Jon Pål Inderberg sin baryton-saxofon er å høyre verda over. Denne helga i Inderøy.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Hoem har sjølv ei dotter som har gjort musikk-karriere, Ine Hoem. Kor ho fekk sine første jazz-erfaringar naturlegvis på Sund folkehøgskole.

Det sydar av liv i alle kulturhusa i Inderøy i helga, der alle scener blir nytta, det nye kulturhuset Akset med ein ny kulturhussal, Øyna-parken med vidt utsyn over fagre fjord og bygder – og med vikinglanghus som framføringsscene. Nils Aas kunstverkstad heldt opninga, og den veldige Sakshaug kyrkje, med plass til minst ei stor menigheit, om det skulle trengast, blir også nytta.

Jazz-menigheita på Inderøy og Innherad har en ting felles, dei fleste likar sodd, nasjonalretten på festivalen.

Til det drikk ein gjerne lokalprodusert Sødd-øl, frå eit lokalt gardsbryggeri i bygda.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25