NRK Meny
Normal

Jan Eirik kjøpte to gigantiske dinosaurar: – Prisen blei sinnsjukt høg

– Nei, kva har du kjøpt no, sa kona då Jan Eirik Mathisen (35) kom heim frå auksjon med to elektriske dinosaurar på nesten eit halv tonn.

Kjempestor dinosaur

Jan Eirik Mathisen (35) sel denne dinosauren for 200.000 kroner. Han trur den ville passa perfekt inn hos ein leikebutikk.

Jan Eirik Mathisen bur i Stjørdal i Trøndelag, men er eigentleg ein skikkeleg nordlending. Førre veke hamna han tilfeldigvis på auksjon i Bodø.

Problemet er berre at han forelska seg i eit par av gjenstandane – to gigantiske dinosaurar som er over seks meter lange:

Kjempestor dinosaur

35-åringen forelska seg i denne dinosauren då han var på auksjon i Bodø.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Mathisen bestemte seg for å vere med på budrunda, som starta på nokre tusenlappar.

– Vi var to stykke som var interessert, og prisen blei til slutt sinnsjukt høg. Men eg berre måtte ha dei. Det er jo artig som faen!

– Kva betalte du for dei elektriske dinosaurane?

– Nei det fortel eg ikkje!

Seljaren vil heller ikkje fortelje prisen på dei to dinosaurane, skriv Avisa Nordland.

Sel ein av dinosaurane til 200.000,-

Kjempestor dinosaur

No prøver Mathisen å selje denne dinosauren for 200.000 kroner.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Ikkje eingong kona til Mathisen, Lillian Uthus Mathisen, har fått vite prisen. Men ho fortel at ho blei sjokkert då ho kom heim til dei to dinosaurane som stod i garasjen.

– Min første reaksjon var «nei Jan Eirik, kva har du kjøpt?», men det er faktisk ikkje det verste han har komme heim med, seier ho med ein liten latter.

– Ho skulle nok ønskt at eg ikkje kjøpte dinosaurane, ler ektemannen.

Mathisen har nemleg investert i mykje rare greier tidlegare – blant anna ei svær papegøye. Han har også kjøpt eit helikopter, ein karusell og ein ubåt, som han selde vidare. Han ser på det som ein slags butikk, ved sidan av den vanlege jobben der han sel anleggsutstyr.

Har dinosaur og papegøye

Frå før har han ei papegøye i hagen, som han også vil selje snart.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

No håpar han på å få seld den eine dinosauren. Til 200.000 kroner.

– Den er jo råkul! Alle som driv ein leikebutikk burde ringe meg. Tenk så mykje folk dei hadde fått i butikken viss dei hadde ein gedigen dinosaur?

Tolmodige naboar

– Kva synest naboane om all hagepynten din då?

– Dei er veldig tolmodige og greie! Eg hadde klikka viss eg hadde hatt slike naboar, seier Mathisen.

Kjempestor dinosaur

Dinosaurane veg rundt eit halv tonn til saman, og er seks meter lange.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Kona til Mathisen innrømmer at mannen hennar finn på mykje rart, men ho meiner dinosaurane er eit av dei betre kjøpa. Ekteparet har tre ungar på 3, 5 og 10 år – og alle elskar dinosaurane.

– Han eldste har jo sett Jurassic World blant anna, så alle ungane er skikkeleg hekta på dinosaur for tida, seier Lillian.

– Det er jo kjekt å lage litt liv! Folk er så sjukt opptatt av å vere normal, men drit og dra. Det tek ikkje eg del i, eg vil ha litt galskap, seier Mathisen.

Kjempestor dinosaur i hagen

Til vanleg sel 35-åringen anleggsmaskiner, men han driv litt butikk på sida med andre rare varer.

Foto: Eivind Aabakken / NRK