Presidenten blei møtt med song og begeistring frå dei italienske studentane.
Ei av dei som også venta på å ta i mot presidenten var professor ved NTNU, Marisa Di Sabatino.
– Han har vore president i mange år og han er elska av heile befolkninga, både av oss som bur i Noreg og i utlandet, men også av dei som bur i Italia.
Ho er ei av 80 italienske professorar som jobbar ved NTNU i Trondheim.
– Eg tenkte på det i går om kvifor eg elskar presidenten så mykje, så er det fordi han har haldt nasjonen samla, spesielt under pandemien.
De Sabatino fortel at presidenten heldt det italienske folket samla og gav dei håp under pandemien.
– For meg er dette historisk, seier professoren som endeleg får møte den godt likte presidenten.
Marisa Di Sabatino har budd i Noreg i snart 21 år og aldri møtt ein italiensk president før: – For meg er dette historisk, seier ho.
Foto: Grete Thobroe / NRKPå statsbesøk om det grøne skifte
Besøket i Trondheim er ein del av eit offisielt statsbesøk til Noreg. Føremålet med besøket er å vidareutvikle det gode forholdet mellom Italia og Noreg, skriv Det norske kongehuset. Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit er vertskap for presidenten.
Det grøne skriftet står sentralt på agendaen for besøket.
Etter besøk på besøk hos NTNU Energi og panelsamtale om grøn energi, går turen vidare til Erkebispegården via Gamle bybro.
Då følget kom til Erkebispegården sprang kronprinsessa bort til ei russ som stod og venta. Det var Anna Lise Di Grande, som er halvt-italiensk.
Kronprinsesse Mette Marit hilser på Anna Lise Di Grande, som er halvt-italiensk. Hun venta på følget utenfor Erkebispegården.
Foto: Grete Thobroe / NRK– Det var veldig spesielt og overraskende, seier Di Grande.
Di Grande var ein av mange italinere i Trondheim som møtte opp under presidentbesøket.
– Det var veldig fint å sjå han, seier ei smilande Di-Grande.
Seinare på dagen skal følget på omvising og konsert i Nidarosdomen.
Rektor ved NTNU, Anne Borg, ønsker presidenten, fyrstedama og kronprinsparet velkommen.
Foto: Bent Lindsetmo
Ny periode
Presidenten var fyrst på besøk i Oslo, før han reiste vidare til Trondheim. 81-åringen er på besøk i Noreg i følgje av dotter si, Laura Mattarella. Ho er også fyrstedame i Italia.
Mattarella har vore president i Italia sidan 2015, og i fjor sa han ja til ein ny periode på sju år.
Han ville i utgangspunktet ikkje halde fram som president, men lét seg overtale etter at nasjonalforsamlinga ikkje klarte å bli einig om ein etterfølgar.
Barn med italienske og norske flagg møtte den italienske presidenten på Trondheimsbesøk.
Foto: Grete Thobroe / NRK