Hopp til innhold

Folk er bekymra – trur dei kan ha fått i seg mat med insekt utan å vete det

Men er det eigentleg så ekkelt med larvar i smoothien 🐛 eller grashopper i rundstykket 🦗?

Lise Solli

INSEKTMEL: Lise Solie har mellom anna brukt insektmel i smoothie, pizzabotn og knekkebrød.

Foto: Matunda Bigirimana

– Det er ein ekstremt rik proteinkjelde, seier Lise Solie.

Ho jobbar som trenar ved Noregs toppidrettsgymnas og brukar gjerne insektmel i kosthaldet sitt.

– Det som er med insekt, er at dei inneheld veldig mykje protein, men også feitt, aminosyrer, mineral og vitamin, seier ho.

Insekt har ikkje vore særleg lett å få tak i, ifølgje ho. No har ho nytt håp om at det skal endre seg.

Frå nyttår gav nemleg EU tommel opp for to nye insektprodukt. Og det har ein god del fått med seg, melder Mattilsynet. Fleire bekymra nordmenn har tatt kontakt.

Noko av det dei spør om, er om at dei kan ha fått i seg mat med insekt utan å vete det.

Kva synest du om insekt i mat?

Ikkje mykje brukt i mat enno

Mat med insekt skal merkast, fastslår Svanhild Vaskinn, seniorrådgjevar i seksjon for kjemisk mattryggleik i Mattilsynet.

Med merking meiner ho at eventuelle insekt skal stå i ingredienslista på emballasjen. Du må altså lese ho for å vere heilt sikker.

Vaskinn seier at den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik aldri vil vurdere insekta som trygge i mat utan at det er trygt for helsa vår.

– Men foreløpig trur vi ikkje insekt er veldig mykje brukt.

Sirissar

Slike sirissar er godkjend til bruk i mat.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

EU-kommisjonen godkjende det første insektproduktet til bruk i mat i 2021: Tørka, gul mjølorm.

Etter det har mjølorm i fleire formar og vandregrashoppe kome til på lista.

Og no også liten mjølbille og fleire formar for hussiriss frå nyttår. Dei er godkjende til bruk i ei rekke matvarer, som bakverk, pasta og anna halvferdige produkt.

Dei to siste er ikkje tatt inn i norsk regelverk enno, men skal på høyring snart.

Les også Melkedrikkingen går ned: Fett, frokostvaner og trend-dietter kan forklare hvorfor

En kvinne heller melk fra en liten grønn kartong i et melkeglass. Hun har på rosa genser og står foran en mørk blå vegg.

Ein porsjon larvetaco, takk

Alexander Solstad Ringheim meiner nordmenn bør bli meir opne.

Han er sjef for Larveriet, som sel larvemjøl og larvesnacks og har sjølv avla larvar i sju år.

– Det er morosamt for oss i Noreg med insekt i mat. Men vi finn ikkje opp hjulet på nytt. Det er 2 milliardar menneske i verda som et dette. Dette er gamalt nytt, seier Ringheim.

CrickCracks

NAM?: Dette knekkebrødet har inneheld malte insekt.

Foto: Ada Bjøranger / NRK

Han har merka seg eit mønster hos dei som smakar insekt for første gong:

Først er folk usikre. Så kjem ei form for antiklimaks: «Oi, det smaka som mykje anna – dette var ikkje så spesielt».

Ifølgje han har larvar ein nøtteaktig smak. Han meiner dei passar i mellom anna taco og brød.

Les også Dette knekkebrødet er laget av insekter

CrickCracks

Tidlegare måtte Ringheim søkje dispensasjon for å få selja varene. Med opninga frå EU som kom ved årsskiftet, håpar han snart å få større spelerom for å eksperimentere med nye varer. Han drøymer om å få halvfabrikat larveburger på marknaden.

Er insekt i mat trygt for alle?

Svanhild Vaskinn i Mattilsynet seier dei godkjende insekta er trygge å ete for dei aller fleste.

– Men folk som veit dei er allergiske mot krepsdyr, blautdyr eller støvmidd, bør unngå insekt. Dei kan få ein allergisk kryssreaksjon, seier ho.

Ifølgje FN kan insekt bidra til meir berekraftig og miljøvennleg matproduksjon, og betre sikre forsyninga i verda.

Les også Unge sier de er villige til å spise bærekraftig – fåtallet vet hva det innebærer

Tomat på tallerken.