Hopp til innhold

Ingebrigtsen om Strandberg: – Strålande spelar og bra fyr

For kort tid sidan verka det som om Stefan Strandberg var på veg vekk frå Rosenborg. No får han skryt av den nye trenaren.

Strandberg

BRA PÅ ALLE MÅTAR - òg med ball, seier RBK-trenar Ingebrigtsen.

Foto: Johansen, Carina / NTB Scanpix

– Eg synest me har skaffa oss eit godt utgangspunkt. No står det null-null, og då held det med seier heime på Lerkendal på torsdag.

Slik oppsummerar Kåre Ingebrigtsen ståa etter kampen mot tyrkiske Karabükspor torsdag denne veka. Skal dei vidare i Europaligaen no, må dei vinne returkampen komande torsdag.

– På torsdag må me ut og angripe. Me skal tørre å vere oss sjølve og tørre å styre kampen. Så får me sjå om det blir godt nok.

Strandberg bidreg på alle område

I juni var det litt att og fram om midtstoppar Stefan Strandberg skulle bli eller forlate RBK, men no ser det ut til å ha roa seg.

Strandberg sa til adressa.no i går at han trivst godt i Rosenborg. Han har fått eit godt inntrykk av Kåre Ingebrigtsen og jobben han har gjort så langt. Strandberg kan bli i laget i to veker eller 15 år til, seier han til avisa, men ser an kva som skjer.

Den ferske Rosenborg-trenaren er svært nøgd med Strandberg seier han til NRK i dag.

– Så lenge eg har vore i klubben, har han vore ein strålande spelar og ein meget bra fyr i garderoben. Han har bidrege på alle område i klubben, og det er jo den typen spelarar me ynskjer å ha med oss vidare.

– Dei 11 dagane har gått fort

I løpet av dei 11 dagane Ingebrigtsen har vore trenar for RBK, har dei spelt kampar i Irland, Molde og Tyrkia.

– Det har vore hektisk, men veldig kjekt. Det er ein fantastisk klubb med ei fantastisk spelargruppe. Me har det gøy i lag både når me trener og er på tur i lag.