Indisk koronamutasjon i Orkland

Orkland kommune har i dag fått bekrefta sju nye smittetilfelle av covid-19. Alle personane var allereie i karantene. Ingen fleire personar treng å gå i karantene som resultat av dette, opplyser kommunen. Dei skriv også at eit tidlegare smittetilfelle i kommunen viser seg å vere den indiske varianten av koronaviruset. Personen det gjeld har vore i isolasjon over lang tid. Risikoen for vidare spreiing er lite sannsynleg.