Ikkje alvorleg skadd etter fall
I arbeidsulukka i Klæbu skal ein mann ha falle ned frå eit stillas då han hoppa ned eit nivå, og golvet gav etter. – Mannen er ikkje kritisk skadd. Han gjekk sjølv inn i ambulansen, seier operasjonsleiar Wenche Johnsen i Trøndelag politidistrikt til NRK. Det vil bli oppretta sak. Arbeidstilsynet er varsla.