Hopp til innhold

Ida (84) frå Trondheim teikna våpenmerket til emiren i Qatar

Då ho såg på bileta frå det gamle heimlandet sitt under fotball-VM la Ingvil Halle Barkve merke til noko ho har sett fleire gonger før. No fortel ho og mora den ukjende historia.

Ida Halle, våpenmerke Qatar

TEKEN VARE PÅ: Dette broderte merket fekk Ida Halle Barkve etter skissa hennar hadde vorte vald ut som nytt våpenmerke. Namnet hennar vart ikkje nemnt – ho vart berre beskriven som kona til rektoren ved den norske skulen.

Foto: Privat

«Kven skulle tru at det faktisk er mor mi, Ida, som har teikna våpenmerket til Emiren i Qatar?»

Slik startar innlegget Barkve la ut på Facebook etter å ha sett våpenskjoldet på TV-skjermen.

Ho fortel at merket har vorte brukt på alt innan forsvaret. Frå vimplar, bilar, uniformsjakkar, båtar og fly.

Men korleis kan det ha seg at det er den no 84 år gamle mora hennar som har teikna våpenmerket?

Vi må tilbake til 1971.

Då flytta Ida Halle Barkve, ektemannen Frank og dottera Ingvil til Midtausten og Qatar.

Ingvil Halle Barkve og mor Ida og far

Både før og etter opphaldet i Qatar har familien budd i Trondheim.

Foto: Privat

Oppdraget til paret var å starte den norske skulen for barna til nordmenn som jobba i Norsk Hydro.

– Jobben vart kunngjord og det var masse intervju og prosessar før vi enda opp med å få han. Det var vi kjempeglade for. Vi var eventyrlystne, seier ho i dag.

– Men vi visste ikkje kvar Qatar var ein gong, og brukte 12 timar på å fly ned den gongen. Vi måtte fylle bensin tre gonger for å komme oss fram, minnest ho.

Barkve i Qatar

Ingvil saman med faren Frank då dei budde i Qatar. Faren lever ikkje lenger.

Foto: Privat

Spesielt oppdrag

Tre månader etter dei flytta, var det eit kupp. Og den nye emiren Ahmad bin Ali Al Thani ønskte nye våpenmerke.

Gjennom kjende, vart Ida meld på konkurransen.

– Ein skotsk arkitekt vi kjende spurde mannen min om nokon kunne teikne. Han visste ikkje om nokre andre enn meg, fortel Ida.

Barkve i Qatar

Familien har album fulle av bilete frå tida dei budde i Midtausten. Her frå gudstenesta til skulen som gjekk føre seg ute i sanddynene.

Foto: Privat

For inspirasjon kom ein utsending frå emiren og leverte sverd utsmykka med edelsteinar og smaragdar.

– Plutseleg låg dei framfor meg. Og eg skulle teikne noko eg aldri hadde tenkt på ein gong, ler ho.

Ida meiner å hugse at sverda hadde peika nedover i våpenmerke før dette. I teikninga si snudde ho på det. Ho teikna sverda oppover, og dei kryssa kvarandre.

Sverda var gule på brun bakgrunn – som i flagget.

Skotten tok skissa med seg, og ho høyrde ikkje noko meir.

Men etter ein månad vart vinnaren av konkurransen kunngjord på TV og radio i Qatar.

Det har ikkje vore mogleg for NRK å gå gjennom disse opplysningane.

Ida fortel at ho vart paff. Våpenmerket var laga ut frå skissa hennar.

Eg låg heime med influensa. Då eg såg flya med merket mitt på fekk eg sjokk.

Barkve i Qatar

Dette biletet tok familien av det som var Qatar sentrum på den tida dei budde der.

Foto: Privat

Vart kjent igjen

Ingvil var fire år då familien flytta til staten i Midtausten. Her budde dei i nærare fire år.

Det var ikkje så mange barn på min alder der vi budde. Eg vart kjend med to arabiske gutar som eg kallar for brørne mine i dag, seier ho.

Familien har dei framleis kontakt med den dag i dag.

Både mor og dotter har mange gode minner. Om ørkenturar, besøk i palasset og om å bu fem mil unna næraste matbutikk.

– Vi hadde bilete av sjeiken i klasserommet, og fann ut at vi måtte ha bilete av kongen vår òg. Så barna skreiv, teikna og sende brev til slottet. Vi fekk spontant brev tilbake med takk og bilete av Kong Olav inni ei ramme, fortel Ida.

Familien Barkve tilbake i Qatar

Her er familien Barkve tilbake i Qatar ved skulen dei var med på å starte.

Foto: Privat

I ettertid har familien vore tilbake i Qatar fleire gonger.

I 2011, 40 år etter dei flytta dit, drog både far, mor og dotter på besøk. Då kom det ein nordmann bort og spurde om det var Ida som hadde laga våpenmerka.

– At nokon visste det i det heile. Det var gøy, seier ho.

Les også: Har signert historisk missil-avtale til fem milliarder kroner

En tekniker kontroller et AMRAAM-missil montert på en F-16
En tekniker kontroller et AMRAAM-missil montert på en F-16

Mykje forandra

Når dei no har sett våpenmerket på militærbilar på TV-skjermen, meiner dei at det framleis er basert på Ida si skisse.

Både mor og dotter har hatt glede av å sjå sin gamle heimstad på skjermen dei siste dagane.

Vi har følgt med. Det er artig når dei sender der nede fråå få sjå stemninga frå byen. Alt er så forandra, det er merkeleg at det går an, seier dei to.

Ingvil og Ida Halle Barkve

Ingvil Halle Barkve og Ida Halle Barkve i dag.

Foto: Privat

Dei har sjølvsagt fått med seg kritikken som har hagla både rundt Qatar og Fifa.

«Eg håpar at VM i Qatar no har gjort at mykje har komme fram i lyset, slik at forhold kan betrast. Det er veldig trist å sjå og høyre korleis Qatar har vorte», skriv Ingvil i Facebook-innlegget.

Mora seier at ho ikkje visste noko verken om den arabiske eller muslimske kulturen då dei flytta dit i 1971.

Men det er dei mest omtenksame og velmeinande eg har vore borti av menneske, seier ho i dag.

Det er styresettet som er strengt, folk er som oss andre. Dei er veldig omsorgsfulle – i alle fall dei vi kjenner, legg dottera til.