Hopp til innhold

Vil gjere det vanskelegare å starte med eggproduksjon

– Det er ikkje fornuftig på noko sett og vis, seier Bondelaget om overproduksjonen av egg. No vil dei å få bukt med dette, ein gong for alle.

Trond Elden, eggprodusent og bonde fra Egge i Steinkjer

FOR MANGE EGG: Eggprodusent Trond Elden meiner ein kontroll av nyetableringar må kome på plass ganske fort, så det ikkje blir for mange egg.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Me et færre egg enn før, og fleire vil drive med produksjon av egg. Me andre ord legg norske høner for mange egg.

– Det er ikkje bra, me skulle gjerne klart å ete dei.

Det seier eggbonde Trond Elden. Han meiner det må bli betre kontroll over kor mange som startar med eggproduksjon, slik at det ikkje går ut over dei etablerte produsentane.

I 2022 låg det an til at hønene la 3.000 tonn egg for mykje.

For å avverje dette måtte 13 bønder ta pause frå eggproduksjon dette året. Dette blei dei betalt for å gjere.

Legg for mange egg

Talet verpande høner blir regulert. Enkelte bønder blir betalt ut og tar pause frå produksjon delar av, eller heile året. Dersom det framleis er fleire egg igjen går desse til dyrefór eller til anna matproduksjon.

Tiltaka blir betalt av bøndene sjølv gjennom ei avgift. Men no ønsker dei å endre måten dette blir gjort på.

Forslaget er å gjere det vanskelegare for nye bønder å starte med eggproduksjon.

Les også Melkedrikkingen går ned: Fett, frokostvaner og trend-dietter kan forklare hvorfor

En kvinne heller melk fra en liten grønn kartong i et melkeglass. Hun har på rosa genser og står foran en mørk blå vegg.

Vil gjere det dyrare

Bondelaga er ikkje fornøgd med dagens ordning.

– Det er ikkje fornuftig på noko sett og vis. Det kostar for eggprodusentane fordi det er dei som, kollektivt, må ta den kostnaden.

Seier Pål-Kristian Vesterdal Langlid, seniorrådgjevar Trøndelag Bondelag om situasjonen for eggprodusentane i dag.

Pål-Krister Vesterdal Langlid, seniorrådgiver i Trøndelag Bondelag

No vil bondelaga få på plass ei permanent ordning for å sørge for at hønene legg akkurat så mange egg me treng. Her er Pål-Kristian Vesterdal Langlid, seniorrådgjevar Trøndelag Bondelag.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

På grunn av overproduksjonen foreslår Bondelaget, Småbrukarlaget og Nortura ei høgare omsetningsavgift for nye eggprodusentar.

Dette håpar dei vil skape balanse i marknaden ved å regulere kor mange som startar med eggproduksjon.

– I og med at det ikkje er rom for fleire produsentar i marknaden, så vil det då bli lagt ei avgift som gjer at det, på ein måte, ikkje er lønsamt å gjere det, seier Langlid.

Dei ønsker også å opprette ei venteliste for eggproduksjon. Nye bønder kan skrive seg opp og få etablere seg når det er mogeleg å selje egga.

– Fordelen er at ein sørger for at egga ikkje blir lagd, og at det slik sett ikkje oppstår et overskot av egg i marknaden. Det seier Ole Nikolai Skulberg, direktør i Totalmarked kjøtt og egg, om forslaget.

Forslaget inneber ei endring av lovverket og må behandlast politisk. Og inntil det blir gjort risikerer me at egg, i periodar med overproduksjon, framleis går rett til dyrefôr.

– Det er ikkje noko vanskeleg å kontrollere det fordi me veit kor mykje egg som blir spist i Noreg. Me må produserer akkurat det som trengst, seier Elden.

Borch skal sjå på saka

Landbruks- og matminister Sandra Borch har nyleg teke imot eit felles brev frå Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Nortura.

– Marknadsbalanseringa og marknadsordningane for jordbruksråvarer er eit viktig og komplekst saksområde. Eg vil no studere brevet og gå gjennom problemstillingane saka reiser, skriv Borch.

Ho har difor ingen ytterlegare kommentar no.

Sandra Borch, landbruks- og matminister (Sp)

Sandra Borch, landbruks- og matminister (Sp).

Foto: Dan Henrik Klausen

Les også Ny godkjenning gjer folk bekymra for insekt i maten

CrickCracks