Hopp til innhold

Hyttejubel i Verdal

62 hytteigarar i Verdal vann over Statskog i rettssaka om festeavgift.

Sigmund Melvold og Rolf Barli i Inns hytteeierforening.
Foto: Silje Kolaas / NRK

Dette er den andre sigeren for hytteeigarene som også vann i Stjør- og Verdal tingrettt i fjor.

Sigmund Melvold og Rolf Barli i Inn statsallmenning er to av hytteigarane som gler seg over sigeren i Frostating lagmannsrett går. Saman med 60 andre har dei kjempa mot festeavgift i fleire år.

– Dette dreier seg om Statskog har heimel i å krevje marknadsverdi ved oppjustering av festeavgift for hyttetomter på Inn statsallmenning i Verdal , seier Per Solem som er advokaten til hytteigarane til NRK Trøndelag.

Kraftig auke i avgifta

For fire år sidan auka Statskog festeavgifta kraftig for mange hytteeigarar. Auken blei basert på marknadsverdien til hytter og fritidseigedomar.

Hytteeigarane i Verdal nekta å godta prishoppet og staten valte å stevne dei for retten. Tirsdag kunne hytteeigarane glede seg over medhald i retten igjen.

– Vi er veldig nøgde med resultatet. Retten har einstemmig komme til at Statskog ikkje her heimel til å krevje full marknadsverdi. Førebels er dette ein full siger og vi har fått full dekning for sakskostnadane våre både i tingretten og lagmannsretten, seier Solem.

Verdi for andre

Han trur denne saka vil få stor verdi for hytteeigarar landet over.

– Statskog er ein stor grunneigar med mellom 10 000 og 15 000 festetomter rundt i landet. Dei har tildels same kontrakter som dei vi har behandla i denne saka. Viss denne dommen blir ståande må den, slik eg ser det, få innverknad for alle liknade festetilhøve, seier Solem.

Statskogs advokat, Bjørn Terje Smistad, seier at Statskog skal sjå på premissane i dommen. Etterpå skal dei vurdere om saka blir anka vidare til Høgsterett.