NRK Meny
Normal

Hyllar ei alltid open dør

Vår Frue Kirke i Trondheim får sin hyllest for den alltid opne døra, døgnet rundt, for alle og dei på skuggesida.

Øra studio

Åge Aleksandersen sit bak miksebordet i Øra studio i Trondheim. Han produserer innspelinga som hyllar Vår Frue Kirke.

Foto: Lars erik Skjærseth / NRK

Åge Aleksandersen produserer innspelinga som er i gang med fleire artistar til ære for kyrkja og dei som brukar ho. Cden skal kome ut under Olavfestsdagane i Trondheim på slutten av sommaren.

I Øra studio i Trondheim sit Åge Aleksandersen bak miksebordet. Han har denne dagen med seg Knut Størdal, organisten i Vår Frue Kirke og musikar Sigurd Julius. Dei syng og spelar lett i lag før dei kjem i gang.

– Dette er ein sang som heiter Anthem av Leonard Cohen, som eg ikkje høyrte før i fjor sommar. Refrenget på denne sangen er utruleg treffande, så eg byrja lure på korleis eg kunne stele desse orda. Kanskje kan eg dikte om sangen til norsk? Og plutseleg gjekk dei hand i hand, sangen og prosjektet, fortel musikar Sigurd Julius.

«Midt i livet»

Knut Størdal og Sigurd Julius

Organist i Vår Frue Kirke i Trondheim, Knut Størdal og musikar Sigurd Julius spelar inn CD i Øra studio i Trondheim.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Han skal spele inn musikken med andre kjente og kjære artistar. Namn som Charlotte Audestad, Trond Wiger, Kari Rueslåtten, Rasmus Rohde og Marte Valle kjenner du sikkert. Tanken har vore der i eit par år allereie og songane har artistane jobba med det siste året. Artistane har alle på ein eller annan måte vore involvert i arbeidet til Bymisjonen.

Åge Aleksandersen

Åge Alelsandersen produserer CDen 'Midt i livet'.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

– Det er varmt og fint å høyre. Valet av låt og sang er Sigurd Julius på sitt aller beste, seier produsent Åge Aleksandersen.

Han har gitt namnet til CDen, «Midt i livet». Det er ei Åge Aleksandersen låt, som skal spelast inn på nytt i samband med prosjektet. Musikken skal gi rom til ettertanke og refleksjon over eit rikt og mangfaldig miljø i Trondheim.

– Det er hyggeleg å bli spurt om å vere med. Eg har veldig sansen for Bymisjonen og i tillegg får eg høve til å jobbe med dyktige, unge folk.

Løfte fram menneska

– Ei open kyrkje er der for folk som lev utsatte liv. Kanskje har dei vanskar med rus. Kyrkja er også der for fattige tilreisande. Ja, det kan vere så mykje. Me ønskjer å løfte fram desse menneska, seier Knut Størdal, organist i Vår Frue Kirke.

Jostein Andsnes

Jostein Ansnes er dagleg leiar i Øra studio. Han får bidrag frå mange artistar til prosjektet.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Dagleg leiar i Øra studio Jostein Ansnes får mange bidrag til CDen utover våren.

– Kan hende det blir nokre overraskingar, men førebels er det dei planlagte artistane, seier Ansnes.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25