Mannen som leigde ut huset til den polske familien, vart sikta for brot på brann- og eksplosjonslova.
Det har vore ei omfattande etterforsking for å finne årsaka til at det byrja å brenne i huset tidleg ein laurdagsmorgon. Den kraftige brannen utvikla seg fort sjølv om brannvesenet kom raskt til staden.
No blir deler av saka lagt bort, fordi politiet ikkje finn bevis for at brannen starta som følgje av ei straffbar handling.
Framleis under etterforsking
Advokat Jan Velund er forsvarer for huseigaren. Han seier klienten hans er fornøgd med at han ikkje lenger er sikta.
– Det har vore hardt og det har gått lang tid. Det har gått mange rykte på Oppdal, som har vore ei belastning for både han og familien, seier han.
Huset var eit tidlegare lagerbygg og var ikkje godkjent som bustad. Huseigaren er framleis sikta for brot på plan- og bygningslova på grunn av dette.
– Denne saka er framleis under etterforsking, og det skal blant anna bli gjort avhøyr av fleire sentrale personar. Det er derfor for tidleg å seie noko om utfallet av etterforskinga.
Det seier Hanne Sivertsen Berg, påtaleansvarleg i saka ved Trøndelag politidistrikt.
Huset på Tågvollan like utanfor Oppdal sentrum vart heilt øydelagd.
Foto: Jøte Toftaker / NRKBrannårsaka ukjent
Feil ved montering av det elektriske anlegget eller andre mogelege brot på brannforskriftene har vorte undersøkte utan å finne noko som kan forklare brannen.
Både politiet og ein uavhengig sakkunnig har laga rapportar om brannen. Begge konkluderer med at brannårsaka er ukjent.
– Det er ikkje mogleg å fastslå ein klar brannårsak. Det kjem likevel fram i begge rapportane at brannen mest sannsynleg har starta på badet, seier Berg.
Dei kan ikkje utelukke at brannen starta som følge av ein mekanisk eller elektrisk feil i vaskemaskina.
Brannvesenet måte skjere seg gjennom bordkledinga for å kome til i huset.
Foto: Bjarte Johannesen / NRKStatsadvokat Kaia Strandjord har derfor lagt bort saka fordi det ikkje kan bevisast at det har skjedd noko straffbart.
Dei avdøde hadde to barn. Dottera var i Polen då brannen skjedde. Ho og broren bur no i heimlandet hos slektningar.
Erik Widerøe er bistandsadvokat for bror til den avdøde mannen.
– Han er skuffa og misnøgd med at saka blir lagt bort. Han meiner politiet ikkje har undersøkt grundig nok, seier Widerøe til NRK.