Hopp til innhold

Hundeeigar frifunnen etter at Kari (74) blei påkøyrd i skiløypa

Kari Johanne Brenne brekte ankelen og fekk hjerneristing då ho blei rive over ende i skiløypa.

Kari Johanne Brenne med krage

PÅ SJUKEHUSET: Samanstøyten i skiløypa var så kraftig at legane frykta Kari Johanne Brenne hadde knekt nakken. Derfor måtte ho ligge med krage første døgeret.

Foto: Privat

Ein tur i det fine vinterveret endar brått. Ho ser ein skiløpar kome i stor fart. Dei to hundane spring i band på sida av han. Det neste Kari Johanne Brenne (74) hugsar er at ho ligg i snøen. Over henne står hundane og slikkar henne i andletet.

10. april i fjor var ho på tur saman med venen Johan Hoås. Dei gjekk til fots utanfor skiløypa i Stjørdal. Det var ikkje mykje folk å sjå denne måndagen. I motgåande retning får dei auge på ein skiløpar i stor fart. Han har to setterar i band. Brenne og Hoås meiner dei stramme hundebanda trefte henne over kroppen. Ho vart slengt i bakken.

– Han hadde absolutt ikkje kontroll på hundane, sjølv om dei var i band, fortel Brenne til NRK.

Hundeeigaren hadde god tid til å dra inn hundane og eventuelt stoppe, meiner både Brenne og Hoås.

Driv du og køyrer ned folk sa eg, fortel Hoås til NRK. Han fekk ikkje noko svar.

Kari Johanne Brenne

GREIER MINDRE: Kari Johanne Brenne var mykje sprekare før ulykka. No treng ho hjelp til fleire ting i kvardagen.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Brekt ankel og hjerneristing

Brenne kravla seg på beina og gjekk bort til Hoås:

– Eg trur ikkje det gjekk så verst, sa ho.

Men ho kjende seg ikkje vel då ho byrja å gå. Ho var kvalm og svimmel. På sjukehuset viste det seg at ho hadde brekt ankelen og fått hjerneristing.

Ei stund etter fekk ho blodpropp i foten. Gipsen måtte av. Då oppdaga legane at ho også hadde fått slite av ei sene i ankelen. Lause beinsplintar i foten plagar henne framleis når ho går.

Kari Johanne Brenne fot

GIPS: Brenne slapp å operere foten. Men så fekk ho blodpropp og det vart oppdaga meir skader i foten.

Foto: Privat

Ho slit også med stiv nakke og må ta smertestillande.

Trass alderen var 74-åringen ei sprek dame som likte å gå på tur. Etter ulukka greier ho mykje mindre. Ho må ha hjelp til husarbeidet sidan ho bur aleine.

Brenne melde saka til politiet. Dei ville først legge den bort, men ombestemte seg. Skiløparen vart tiltala etter hundelova for å ikkje hatt kontroll.

Johan Hoås og Kari Johanne Brenne

VITNA I RETTEN: Johan Hoås og Kari Johanne Brenne vitna begge to i rettssaka.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Hundeeigar etterlyst i lokalavisa

Skiløparen med dei to hundane drog frå staden like etter ulukka hadde skjedd. Han presenterte seg heller ikkje for Brenne. Då det vart klart at ho hadde vorte skadd, bad politiet gjennom lokalavisa om at han melde seg, noko han gjorde.

Over eit år etter hendinga kom saka opp i Inntrøndelag tingrett. Dei to vitna var Brenne og Hoås. Aktor la ned påstand om at tiltalte skulle betale 3000 kroner i bot eller sone seks dagar i fengsel. I tillegg skulle han betale nesten 7000 i skadeerstatning til Brenne.

Tiltalte forklarte i retten at det var han sjølv som reiv henne over ende då han forsøkte å passere. Deretter kom den eine hunden opp på sida hans og passerte Brenne slik at bandet stramma mot henne.

Ifølgje domen forklarte tiltalte i retten at han ropte til dei to for å få dei til å gå til sida i skiløypa. I samanstøyten ramla dei begge to, forklarte tiltalte.

– Det er ikkje sant. Han ramla ikkje og han var aldri borti meg. Eg blir framstilt som ein løgnar i domen, seier Brenne til NRK.

Retten meiner det ikkje betyr noko for skuldspørsmålet om det var tiltalte eller hundebandet som trefte Brenne slik at ho datt.

Kari Johanne Brenne

LIKE FØR ULUKKA: Her er Kari Johanne Brenne fotografert ved skiløypa ein times tid før ho vart påkøyrd av skiløparen med hundane.

Foto: Privat

Ingen opplysningar om at tiltalte ikkje hadde kontroll

Tiltalte er ein «voksen mann, som må antas være fysisk i stand til å holde igjen henholdsvis en irsk setter og en engelsk setter"» står det i domen. Retten meiner det ikkje har kome fram opplysningar om at tiltalte ikkje freista å dra inn hundane utan å lukkast. Samanstøyten skuldast at tiltalte ikkje greidde å stoppe, på grunn av farten og siktforholda, meiner retten.

Det var jo hundane som drog han slik at han fekk stor fart. Vi høyrde heller ikkje noko kommandorop frå han for å få hundane til å stoppe.

Brenne og Hoås fortel til NRK at dei gjekk på sida av skisporet, der det var lagt opp til skøyting. Dei meiner tiltalte aldri var ute av skisporet, men at hundane sprang i dei lange banda der. Retten viser til at løypa er ganske smal, om lag 2,6 meter. Dermed er det liten plass for at tre personar kan passere kvarandre i breidda.

Kari Johanne Brenne

I RULLESTOL: Brenne måtte sitte i rullestol heile somaren etter ulukka. Men på tur ville ho.

Foto: Privat

Tvil skal kome tiltalte til gode

– Vi meinte det var nok bevis for skuld og dermed straffe tiltalte for brot på hundelova. Retten var ikkje samd med oss. Det skjer av og til, seier aktor, politiadvokat Silje Kristin Noem til NRK.

– Tiltalte og fornærma hadde ulike forklaringar på kva som hende. I strafferetten er det eit viktig prinsipp at tvil skal kome tiltalte til gode. I denne saka har retten kome til at det ikkje er bevist at det var hundeføringa som var årsaka til ulukka, poengterer Noem.

For Kari Johanne Brenne har saka vore ei stor belastning i eit år. Ho kan anke avgjerda om at tiltalte heller ikkje skal betale dei ekstra utgiftene ho har hatt. Men då må ho betale rettsgebyr. Det blir nesten like mykje som erstatninga ho kravde.

– Det ser eg ingen vits i. Det verste er at eg ikkje vart trudd i retten, seier Brenne.

NRK hadde avtale med hundeeigaren for intervju. Etter det har det vore umogeleg å få kontakt med han.