Hopp til innhold

Hotelldirektør om gjenopninga av samfunnet: – Det handlar om jobben vår

Fleire bar og restauranteigarar håper regjeringa fjernar skjenkeforbodet.

Mikael Forselius

HÅPER PÅ OPNE KRANER SNART: Hotelldirektør Mikael Forselius på Britannia Hotel i Trondheim

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Eg blir veldig skuffa om regjeringa ikkje fjernar tiltaka som vart innført før påske, seier hotelldirektør Mikael Forselius.

I dag la Erna Solberg fram planen for gjenopninga av Noreg. Den inneheld fire trinn, med ei oversikt over kva tiltak som vil kunne lettast på. Ho vil ikkje sette ein dato for når dei ulike tiltaka skal lempast på.

Det første trinnet i planen handlar om å fjerne delar av eller alle dei nasjonale tiltaka, som regjeringa innførte for å handtere den stigande smitten i Noreg før påske. Mellom anna nasjonal skjenkestopp.

Regjeringa vil sjå på smitte og sjukdomsbyrde, kapasitet i helsetenesta og vaksinasjon når dei gradvis skal opne samfunnet igjen.

Det synest folk NRK møtte på gata i Stjørdal høyrest ut som ein god plan.

Tre på gata om planen

Ingrid Lønvik og Ole Jørgen Kaspersen på gata i Stjørdal.

MEINER DET ER RIKTIG Å VERE FORSIKTIG: Ingrid Lønvik og Ole Jørgen meiner regjeringa gjer riktig i å vente med å lempe på restriksjonane så lenge smittesituasjonen er uoversiktleg.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Vi må vere på den sikre sida. Eg synest det er riktig å ha restriksjonar så lenge smitten ikkje er under kontroll, seier Ingrid Lønvik

– Vi må vere forsiktige, supplerer Ole Jørgen Kaspersen.

– Eg føler at vi held eit ganske stabilt tempo i gjenopninga. Vi bør ta det roleg og ikkje stresse med å opne raskare, seier Selma Sæther.

Selma Sæther

FORNØGD MED TEMPOET: Selma Sæther meiner regjeringa legg opp til eit passeleg tempo når samfunnet skal opne igjen.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Håper regjeringa opnar for skjenking igjen snart

– Det handlar ikkje om rusen til gjestane, men om jobben vår, seier hotelldirektør Mikael Forselius.

Fleire restaurantar og barar stengde dørene då regjeringa innførte nasjonal skjenkestopp før påske. Britannia Hotel i Trondheim var eit av dei.

I Trondheim har det dei tre siste dagane blitt registrert seks nye smitta personar. Med slike smittetal meiner hotelldirektøren at regjeringa må opne for at kommunane igjen skal få meir kontroll over dei lokale skjenkereglane.

– Eg likte at ho la fram ein trinnvis plan som er tydeleg på kva vi skal få til. Eg likte og at det første trinnet opnar for å gå tilbake til dei nasjonale reglane vi hadde før påske, seier Mikael Forselius.

Gunn Jevnheim, Håkons pub

FEKK IKKJE HØYRE DET HO HÅPTE PÅ: Gunn Jevnheim, håpte Erna Solberg skulle fjerne den nasjonale skjenkestoppen i dag. Slik vart det ikkje.

Foto: Ivar Arne Nordrum / NRK

– Det er tøft

Også Håkons Pub i Lillehammer måtte stengje dørene før påske, som følgje av nasjonal skjenkestopp.

– Det er tøft for dei alle saman. Eg håpa verkeleg det skulle skje noko den 14. april. Men det ser ikkje slik ut, seier ho.

Jevnheim er glad for at ho har ei lita bedrift, og ikkje ein stor pub som hadde gjort ho avhengig av å tene mykje meir. Men ho seier det er tøft å måtte halde stengt.

Lillehammer har også hatt lite smitte den siste månadane. Jevnheim synest det er litt urettferdig med nasjonal skjenkestopp. Samstundes har ho forståing for at det må vere slik.

– Eg håpar vi får opne att og ha uterestauranten open. Eg har veldig vondt av Oslo. Eg håpar dei snart får opne igjen litt dei og. Alle saman, seier ho.