Hopp til innhold

Sesong for nabokonflikter

Sommaren er høgsesong for grilling, plenklipping og nabokrangling.

Gressklipper

PLENKLIPPING: Det er kanskje best for nabofreden å bruke ein umotorisert grasklippar.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Trampoline

HOPP OG SPRETT: Gledeshyl frå ungane kan vere sjenerande støy for naboen.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix
Grillmat

GRILLING: Det luktar kanskje himmelsk for deg, men det kan vere plagsomt for folk i nærleiken.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Duren frå plenklipparen, barneskrika frå trampolina og lukta av svidde pølser på grillen. Det er mykje som kan føre til irritasjon og konflikter mellom naboar i sommarsesongen.

Kva irriterer deg? Diskutér nedst i artikkelen!

Hekk og hyl

– Det er alltids noko å krangle om, seier Merete Granrud, seniorrådgivar for sekreteriatet for Konfliktrådene.

Ho fortel at tre som skuggar for sola, klipping av hekk og lauv frå nabohagen står øvst på lista over nabokonflikter.

– Også støy skaper mange konflikter. Det kan vere hundar som står ute og bjeffar, høg musikk eller ungar som hoppar på trampoline, seier Granrud.

Går til retten

På landsbasis får konfliktrådet inn om lag 500 saker med nabokonflikter. Langt fleire går til retten med si sak, noko som kan bli svært kostbart.

– Mange går direkte til retten i staden for å mekle i konfliktrådet, og då kan krangelen gjerne eksalere, meiner Granrud.

Det er faktisk lovstridig å plage naboen, i alle fall på ein heilagdag. Du risikerer ifølgje lova å få bot dersom du klipper plenen eller bråkar på andre måtar på ein søndag.

Egne nordmenn

Mange går til Huseiernes Landsforbund når dei får problem med naboen. Kvart år tek om lag 1500 kontakt med nabospørsmål.

– Det har nok ein klar samanheng med at nordmenn er på verdstoppen når det gjeld sjølveige av bustad, med nesten 80% sjølveige, seier Anders Leisner, som er advokat i Huseiernes Landsforbund.

Han trur likevel den norske nabokranglinga er sterkt overdrive av media, og at det difor verkar som vi kranglar meir enn det vi gjer.

– Men vi merkar ein oppsving no i sommarsesongen, når trea får blad og skuggar for sol eller utsikt, seier Leisner.