Høgrerepresentant utfordrar Høie på psykisk helse

Nordmenn si psykiske helse kan bli ei av dei viktigaste sakene for unge veljarar før årets stortingsval. I dag utfordrar stortingsrepresentant Mari Lønseth (H) sin eigen helseminister på korleis han vil gjere den betre.

Mari Holm Lønseth (H)

OPPTEKEN AV PSYKISK HELSE: – Vi må sørgje for at psykisk helse ikkje blir den neste pandemien, seier Mari Holm Lønseth,

Foto: Birgitte Aarebrodt

– Vi må sørgje for at psykisk helse ikkje blir den neste pandemien, seier Mari Holm Lønseth, stortingsrepresentant for Høgre.

Ho har gjennom ein interpellasjon bedt helseminister Bent Høie svare for stortinget, om korleis han vil styrkje satsinga på psykisk helse framover.

Ein interpellasjon er ofte større og meir politisk viktige spørsmål enn vanlege spørsmål som vert stilte til statsrådane i spørjetimen.

Lønseth meiner Noreg, uavhengig av koronapandemien, treng fleire tiltak for å betre den psykiske helsa

– Men det er klart at koronapandemien vi er i, kor mange føler på meir einsemd og meir isolasjon, gjer at vi har eit større behov no enn tidlegare, seier høgrepolitikaren.

Ho peiker på fleire ting ho meiner må bli betre.

– Det aller viktigaste er at dei som treng hjelp får det raskt, då må vi få ned ventetida, seier Lønseth.

Viktig valkampsak for unge

Måndag skreiv VG om UNG2021-undersøkinga frå Opinion, som viser at halvparten av dei unge i Noreg har psykisk helse som sin viktigaste sak. Psykisk helse trumfar altså over klima- og miljøtematikk blant unge veljarar før haustens val.

– Har venta i åtte år

Helsepolitisk talsperson i SV, Nicholas Wilkinson er glad for at Lønseth tar opp saka, og roser regjeringa for enkelte ting dei har fått gjort dei siste åra, som å stille krav om at alle kommunar skal tilby psykolog til sine innbyggjarar. Likevel meiner SV-politikaren at det generelle arbeidet regjeringa har lagt ned i psykisk helse ikkje har vore godt nok.

– Det er mange problem. Det største er at folk som treng behandling ventar i kø i mange månadar, og blir mykje sjukare medan dei ventar, seier Wilkinson.

Helsepolitisk talsperson i SV, Nicholas Wilkinson

VENTA I ÅTTE ÅR: Nicholas Wilkinson er glad Lønseth tar saka, og meiner det er på tide.

Foto: Johan Granerud / SV

– Vi har venta i åtte år. Vi har hatt ei psykisk helsekrise i åtte år. Høgre har brote lovnadane om å byggje opp helsebehandlinga for psykisk sjuke. Eg har inga tru på at dei endeleg skal endre politikken sin no, seier han.

Helseminister Bent Høie meiner dette er eit urimeleg utspel frå Wilkinson.

Han peiker på oppbygginga av psykologtilbodet i kommunane, auken i talet på helsesjukepleiarar i helsestasjon- og skulehelsetenesta og at ventetida på den spesialiserte behandlinga har gått ned, som eksempel på styrking av det psykiske helsetilbodet under hans regjering.

– Så her tar Wilkinson feil, seier Bent Høie.

oLvrYkVEvmA

MÅ BLI BETRE: Bent Høie er sjølv einig at det psykiske helsetilbodet i Noreg må bli betre.

Foto: Berit Roald / NTB

– Fleire har fått hjelp, færre har fått god nok hjelp

– Intensjonen til helseministeren og regjeringa har vore god, men brukarane og pasientar opplev at situasjonen har blitt betydeleg forverra.

Slik beskriv Jill Arild, landsleiar i Mental helse, Bent Høie og den sitjande regjeringa sitt arbeid med psykisk helse i Noreg.

– Fleire har fått hjelp, færre har fått god nok hjelp, seier ho.

Jill Arild

FORVERRA SITUASJON: Jill Arild seier mange slit med psykiske problemer.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Bent Høie er einig at det psykiske helsetilbodet i Noreg må bli betre.

– Eg meiner og at tilbodet ikkje er godt nok. og nettopp derfor vil Høgre ha styrking av det psykiske helsetilbodet til barn og unge som ein viktig sak før neste valperiode, seier han.