– Eg meiner at den politikken som MDG står for er så radikal og så langt unna den politikken som Høgre eigentleg står for.
Det seier Elin Marie Andreassen, førstekandidat i Trondheim Framstegsparti.
Elin Marie Andreassen i Trøndelag Frp er ikkje interessert i å samarbeide med MDG.
Foto: Kirsti Kringstad / NRKHo og partiet hennar er skeptiske til måten Høgre held døra open for Miljøpartiet dei grøne.
Men for å sikre seg makta i fleire norske byar, flørtar Høgre med MDG for eit potensielt samarbeid etter valet.
– Mi dør er open for dei som vil snakke med oss, svarar ordførarkandidat i Trondheim Høgre, Kent Ranum.
Han står fast ved at det vil bli høgrepolitikk dersom dei vinn valet. Uansett om det blir med eller utan MDG.
– Me er førebudd på å levere på den politikken me går til val på. Den er den kontrakten me legg fram for veljarane i Trondheim no. Så får valresultatet vise kor store me blir og kor stor dei andre blir og så tar me det derifrå.
Men at dei held døra open fell ikkje i god jord hos Frp.
– Høgre burde ha lukka den døra tvert, seier Andreassen.
Storbyfenomen
– Det nærast har blitt ei storbytrend at Høgre og MDG viser gjensidig kjærleik til kvarandre, seier førstekandidaten til Frp i Trondheim.
Og trenden er der både i Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim.
– Høgre er avhengig av å få nokre fleire vener, skal dei klare å få makt i storbyane.
Det seier politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, som forklarar at Ranum er ikkje aleine om å fri til MDG.
Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, ser at Høgre opnar døra for MDG i fleire av dei store byane i Noreg.
– Nokon av høgretoppane i dei store byane har fridd litt til Miljøpartiet dei grøne, har skildra seg sjølv som lyseblå, sentrumsorientert og ganske grøne Høgrepolitikarar.
Aglen forklarar at MDG er mykje større i dei store byane enn i mindre distriktskommunar, noko som gjer partiet til ein attraktiv samarbeidspartnar for parti på begge sider.
– Det er mogeleg viss ein vil og det handlar veldig ofte om samarbeid, gode relasjonar og det å klare å få til gode kompromiss, legg kommentatoren til.
Og enkelte stader har også MDG sett døra på gløtt for dei borgarlege partia.
– I Stavanger har til dømes Bompengepartiet samarbeida med Miljøpartiet dei grøne.
Blir det mer sykkelvei?
Hvem vinner ordførerkampen?
Blir det bybane til Åsane?
Beholder Arbeiderpartiet makta i energihovedstaden?
Fleire friarar står på døra til MDG
Det er ikkje berre Høgre som opnar døra si for MDG fram mot lokalvalet.
– Både Høgre og Arbeidarpartiet seier at dei vil samarbeide med oss, men me må sjå om dei er villig til å gjennomføre klimapolitikk som monnar.
Line Fjørstad i Trondheim MDG seier dei vil samarbeide med andre parti som er open for å få ned klimagassutslepp og stoppa naturtapet.
Foto: Kirsti Kringstad / NRKDet seier førstekandidat i Trondheim MDG, Line Fjørstad, om kva som skal til for at partiet skal la seg freiste av frieria.
Dersom politikken deira ikkje blir høyrd i eit samarbeid, er beskjeden klar:
– Då blir det ikkje noko samarbeid.
Men det ikkje alle som står på døra til MDG.
– Me kan ikkje bidra til at MDG skal styre byen etter valet. For oss er det heilt uaktuelt å bidra til at MDG skal halde fram med å ha makt, seier Andreassen i Frp før lokalvalet i Trondheim.