Skadereduksjonsgruppa deler ut medisin til rusavhengige, på oppdrag frå legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
På kvardagar må dei rusavhengige møte opp på kontoret i Trondheim sentrum for å få utlevert legemidla, men i helgene kjører dei tilsette ut til brukarane av tilbodet.
Desse heimebesøka skal førebyggje overdosar blant rusmisbrukarane i byen.
Kjenner kvarandre godt
Lene Heimstad er sjukepleiar i skadereduksjonsteamet.
Foto: NRK Trøndelag– Det er veldig viktig at det er dei fast tilsette som kjem også i helgene. Det er tryggare for brukarane at dei får besøk av folk dei har ein relasjon til frå før, seier Lene Heimstad, som er sjukepleiar i skadereduksjonsgruppa i Trondheim kommune.
På dette viset slepp dei å forklare historia si til nye folk heile tida.
– Vi veit kva dei strever med, og kan hjelpe dei betre, fordi vi kjenner dei så godt, seier Heimstad.
Berre positive tilbakemeldingar
Trondheim er den einaste staden i landet som har ei slik ordning. Overdoseteamet i byen trur helgebesøka reddar mange liv.
– Dei som er rusavhengige og brukar dette tilbodet, har så godt forhold til oss at dei tar kontakt for å få hjelp og støtte dersom dei kjenner at dei er i ferd med å sprekke, seier Jan Erik Skjølås.
Han er fagleiar i helse- og overdoseteamet i kommunen.
– Vi er her for å hjelpe brukarane på best muleg vis. Trondheim kommune satsar hardt på å hjelpe dei rusavhengige så dei får best muleg livskvalitet – døgnet rundt, året rundt, seier han.
Helgetilbodet kostar ein million kroner i året, og blir finansiert gjennom LAR (legemiddelassistert rehabilitering).
– Ordninga med helgekjøringa får vi berre positive tilbakemeldingar på, den er gull verdt. Mange seier at ordninga berger liv, og det trur vi eigentleg sjølv også, seier Lene Heimstad.
– Fleire byar burde prøve dette
Tove er blant dei som får LAR-besøk heime i helgene. Ho er storfornøgd.
Foto: NRK TrøndelagTove har vore rusmisbrukar store delar av livet. Det siste året har ho vore med i helgeordninga, og er full av lovord om den:
– Kommunen må aldri finne på å ta vekk dette tilbodet. Det vil øydelegge tryggleiken for folk, seier ho.
Ho meiner tvert i mot at fleire byar burde ha eit slikt tiltak.
– Da hadde fleire sett kor bra det er, seier Tove i Trondheim.