– For oss er det heilt uaktuelt å køyre utan hjelm, fordi konsekvensane er så store dersom du dett av sykkelen, seier Øystein Bekkvik.
Han har teke turen til Solsiden i Trondheim saman med sonen Simen (14). Dei har begge private elsparkesyklar.
Far og son skil seg ut blant andre ivrige elsparkesyklistar på tur denne sommardagen.
Dei har nemleg på seg hjelm.
– Det burde vore heilt sjølvsagt med eit påbod om å bruke hjelm, meiner Bekkvik.
Større skaderisiko enn på vanleg sykkel
Maksgrensa på elsparkesyklane er 20 km/t. Risikoen for å bli skadd på elsparkesykkel er ti gonger større enn risikoen for å bli skadd på vanleg sykkel, ifølge Trygg Trafikk.
Natt til torsdag vart ei kvinne frå Fredrikstad frakta til Ullevål sjukehus med hovudskadar etter ei elsparkesykkelulukke.
Ved skade- og traumepoliklinikken på St. Olavs hospital tek dei imot pasientar etter elsparkesykkelulukker.
Mellom april og juli har St. Olavs hospital registrert ei dobling av sykkelrelaterte skadar, samanlikna med same periode i fjor. Talet frå 2020 viser 46 skadar, medan talet frå 2021 viser 90.
– Veldig mange skadar er relaterte til aktivitetar på kveld, natt og helg. Det er utruleg at det ikkje er påbod om bruk av hjelm, seier seksjonsleiar ved skade- og traumepoliklinikken, Ragnhild Rosøy Skorstad.
Elsparkesyklar er hovudårsak til auke
Overlege Jean-Paul Grabner von Rosenberg er svært tydeleg på at elsparkesyklar er hovudgrunnen til auken, og at det også er store mørketal.
STORE MØRKETAL: – Elsparkesyklar er den største årsaka til at vi ser ein auke i talet på sykkelulukker, seier overlege Jean-Paul Grabner von Rosenberg ved St. Olavs hospital.
Foto: Bent Lindsetmo / NRK– Eg trur at påbod om hjelm for elsparkesyklar er ei uunngåeleg sak, og noko som vil bli innført, fordi vi ser at skadeomfanget stig, seier han.
Grabner von Rosenberg påpeikar at hastigheita er høg, og at konsekvensane av eit fall kan bli alvorlege.
Dei vanlegaste skadane er brot i handledd, fingrar og anklar. Dei mest alvorlege skadane er hovudskadar med veldig alvorlege følger.
– Det er ikkje alltid folk vil innrømme at dei har hatt ein elsparkesykkelskade, fordi dei synest det er litt pinleg. Vi ser på skaden at det ikkje er ein klassisk sykkelskade, men ein elsparkesykkelskade, fortel han.
14-åring føreslår trafikalt grunnkurs
Familien Nordli frå Harstad er på sommarferie i Trondheim. Dei prøver elsparkesyklar for første gong, og synest det er ein fin måte å komme seg raskt fram på.
– Det er litt uvant, men veldig artig, seier Sigrid Nordli (14).
KLAR TALE: – Ein burde ha trafikkopplæring i korleis ein skal bruke elsparkesyklar, seier Sigrid Nordli (14), som prøver elsparkesykkel for første gong i Trondheim.
Foto: Bent Lindsetmo / NRK– Elsparkesyklane bør kanskje ikkje vere like tilgjengelege som dei er no, seier Kenneth Nordli.
I Oslo vil talet på elsparkesyklar bli redusert frå 26.000 til 8000 i september. Hovudstaden hadde i juni 421 skader etter bruk av elsparkesykkel. Snart kan ingen innbyggjarar i Oslo leige elsparkesyklar etter kl. 23.
– Ein burde ha trafikkopplæring i korleis ein skal bruke elsparkesyklar, meiner 14-åringen.
Overlege Grabner von Rosenberg støttar forslaget. Han meiner folk som brukar elsparkesyklar ofte er uerfarne. Derfor er det ekstra viktig å bruke hjelm.
TURISTAR: Sondre (12), Sigrid (14), Kenneth og Lise Nordli frå Harstad er på ferie i Trondheim. Dei synest elsparkesyklar er ein fin måte å sjå byen på.
Foto: Bent Lindsetmo / NRK7 av 10 vil ha påbod om hjelm
Ei undersøking Trygg Trafikk og Tryg Forsikring gjorde i mai, viser at 7 av 10 ynskjer eit påbod om bruk av hjelm når ein køyrer elsparkesykkel.
Skorstad frå skade- og traumepoliklinikken kjem med eit forslag for å sikre at folk brukar hjelm:
– Elsparkesyklane bør vere på stasjonar der du må hente dei ut, og levere dei tilbake på same stad. Då er det enklare å handheve eit hjelmpåbod, seier ho.
Vil omklassifisere elsparkesyklane til motorkøyretøy
– Trondheim kommune ynskjer at elsparkesyklar skal bli klassifiserte som motorkøyretøy. Då hadde vi fått både promillegrense og påbod om hjelm, seier Frank Grønås.
Han er avdelingsleiar ved eigarskapseininga i Trondheim kommune. Dei har tidlegare føreslått eit hjelmpåbod for barn under 15 år.
– Det ville vere fornuftig å ha hjelmar lett tilgjengeleg ved utlån av elsparkesyklar. Mange låner litt impulsivt. Vi må få på plass eit system for dei som ynskjer å leige hjelm, fastslår han.
MOTORKØYRETØY: Harald Heieraas og Trygg Trafikk vil at elsparkesyklane skal omklassifiserast til motorkøyretøy.
Foto: Trygg TrafikkTrygg Trafikk deler Trondheim kommune sitt ynskje om å omklassifisere elsparkesyklane til motorkøyretøy.
– Eg trur ikkje det er stor uvilje mot å bruke hjelm, men det handlar om korleis ein skal administrere det. Det er viktig å sjå på moglegheitene for at elsparkesyklane kan utstyrast med hjelm, seier seniorrådgjevar Harald Heieraas.
– Påbod har fleire negative enn positive effektar
Men kva seier leverandørane av elsparkesyklane?
I Voi sin app står det at hjelm anbefalast. Tier skriv at ein bør ta med eigen hjelm for å vere trygg når ein køyrer. Ryde skriv at ein bør bruke hjelm dersom det er mogleg.
VIL IKKJE HA PÅBOD: Christina Moe Gjerde, dagleg leiar i Voi.
Foto: Voi– Det er alltid ein god idé å bruke hjelm. Men vi meiner at eit påbod har fleire negative enn positive effektar, seier Christina Moe Gjerde, dagleg leiar i elsparkesykkelselskapet Voi.
Ein av dei negative konsekvensane, er at bruken vil gå ned, ifølge henne.
– Dei færraste har med seg hjelm, og vi må jobbe mykje med alt som har med hygiene å gjere før vi kan pålegge brukarane å dele hjelm.