Hopp til innhold

Historisk av Stod Volley

Stod Volley har som første skandinaviske lag tatt seg til kvartfinalen i europacupen Challenge Cup. – Aldeles rått, seier leiar i klubben, Per-Ivar Finstad.

Stod volley etter kampen i Baku

Jentene fra Stod Volley jubla vilt etter kampen - kor det vart klart at dei går vidare til kvartfinale!

Foto: Eline Bye

Torsdag ettermiddag spelte laget mot Azerrail Baku i Aserbajdsjan, returkamp etter at Stod vann 3-1 på heimebane. Det vart ein svært spennande kamp, og åttendedelsfinalen endte med at Stod vann samanlagt etter golden set som endte 18-16 til Stod.

– Det finst ikkje noko skandinavisk lag som har greidd å kome så langt i europacupen, så dette er stort, seier Per-Ivar Finstad, som er leiar i klubben.

– No skal vi feire med ein bytur i Baku. Men seint blir det ikkje, vi har nemleg ein viktig kamp mot Oslo på sundag, seier en lukkeleg Stodspelar Eline Bye.

Laster Twitter-innhold

Har blitt publikumsyndlingar

Stod Volley før kampen

Stod Volley var spente før kampen, men da golden set var ferdig, gjekk dei seirande ut.

Foto: Privat

Stod har lenge jobba for å få til eit volleyballag av internasjonal klasse, og er i ferd med å klare det. Dei er òg i ferd med å vinne hjarta til publikum.

– Da Azerrail Baku var hos oss, var det nærare 1000 betalande i Steinkjerhallen, det er heilt fantastisk. Det gir oss også overskot økonomisk på europacupkampane, seier Per-Ivar Finstad.

Stod skal møte eit ukrainsk lag i kvartfinalen, og første kamp skal gå i starten av mars.

Har ikkje godkjent hall

Men avansementet i europacupen fører til uventa utfordringar for Stod Volley.

– Vi veit at heimebanen vår i Stod ikkje er godkjent for internasjonale kampar, derfor har vi brukt Steinkjerhallen. Men for finalekampane i europacupen er ikkje eingong den bra nok, seier Finstad.

Det er mellom anna krav til anna type dekke på banen.

– Vi har litt arbeid framfor oss for å få Steinkjerhallen godkjent, men vi skal få det til. Dette er nybrottsarbeid i Norden, det er ingen som har gjort det før oss, seier Per-Ivar Finstad.

Stod Volley ble tatt varmt imot da de kom til hjembygda etter NM-seieren

Januar 2014: Hylling av NM-vinnerne Stod Volley