NRK Meny
Normal

Hildegunn Eggen finn ro ved å gå Olavsleden

Søndag hadde Hildegunn Eggen, kjent som skodespelar ved Trøndelag Teater, sin første tur som pilegrimsvegleiar. Turen gjekk frå Leksdal til Stiklestad.

Hildegunn Eggen

Hildegunn Eggen har utdanna seg til Pilegrimsvegleiar ved Høgskulen i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Verstad / NRK

Hildegunn Eggen

Det skal ikkje berre vere ei vandring, men også rom for meditasjon, seier Hildegunn Eggen.

Foto: Merete Verstad / NRK

– Me samla oss heime på garden min og gjekk derifrå. 30 personar var med. Det er fint med fellesskap på ein slik tur, fortel Hildegunn Eggen.

Ho var i november i fjor ferdig utdanna pilegrimsvegleiar ved Høgskulen i Nord-Trøndelag, der ho spesialiserte seg på nordleden av St.Olavsleden.

– Eg er verdaling og har i ei årrekkje vore med i spelet på Stiklestad. Det var eit naturleg val for meg, seier ho.

Turen i dag var arrangert i lag med Stiklestad Nasjonale Kultursenter. Ho var med i soknerådet og pilegrimsutvalet, då ho fann ut at ho ville lære meir om tankegangen til pilegrimane.

Ro og Refleksjon

Hildegunn Eggen

Hildegunn Eggen fortel om Olav den heilage på turen frå Leksdal til Stiklestad.

Foto: Merete Verstad / NRK

Eggen er oppteken av at det ikkje berre skal vere ei vandring.

– Det skal vere rom for ro og meditasjon. Dersom folk vil ha ei omvisning, då må dei bestille det. På turen delte me historiar og refleksjonar.

Ho har kalla turen for ei kulturhistorisk vandring i Olavs rike.

– Eg måtte velje Olav den heilage. Eg prøver å finne personen bak krigaren og er fasinert av statusen han hadde i folkedjupet.

Sommar og haust

Ho skal vere pilegrimsvegleiar på ein tur til i sommar.

– Eg skal gå ein tur i Olsokveka, nærare bestemt 26.juli. Og så håpar eg på at eg kan ha nokre turar til hausten.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.