Hopp til innhold

Hilde til topps i Granåsen

Hilde G. Pedersen vann kvinnenes 10 kilometer fristil under NM i Granåsen i Trondheim.

Hilde Gjermundshaug Pedersen tok gull, mens Marte Elden tok sølv og Vibeke Skofterud bronse.
Foto: Thomas Rasmus Skaug / SCANPIX

Ho slo Vibeke Westbye Skofterud 9,9 sekund.

43 år gamle Hilde Gjermundshaug Pedersen frå Nybygda IL knuste alle på slutten og var kjempenøgd med løpet sitt.

- Det er så moro å vinne NM. Eg er kjempeglad. Fy søren er det sant, eg høyrde ingenting på slutten, seier Pedersen til NRK Sporten rett etter løpet.

Åttande NM-gull

Hilde Gjermundshaug Pedersen tok i dag sitt åttande NM-gull. Dei sju andre kom i perioden 1994-1998.

- Eg tenkjer ikkje på at eg er 43 år. Eg trener og har overskot heile tida, seier Pedersen.

Før dagens 10 kilometer følte ho seg i godt slag og var spent på å måle krefter med dei beste.

- Eg hadde lyst til å gå fort og det er eit veldig godt teikn. Eg visste at det kom til å bli ei hard økt og at det ville bli tøft, men at det skulle ende med gull var vel litt i overkant, smiler Gjermundshaug Pedersen.

Dårlege ski

Vibeke Westbye Skofterud blei nummer to, slått med knappe ti sekund av veteranen. Ho var veldig skuffa over at det ikkje blei gull i dag.

- Eg hadde dårlege ski og dårleg smurning og det var avgjerande i dag. Det er også tre og ei halv veke sidan eg sist gjekk skiløp, så eg køyrde gjennom ein gong i går og det kjennes ut som eg er på starten av sesongen, så det føles godt å vere i gang igjen, seier Skofterud. 

Skofterud er likevel imponert over det Hilde Gjermundshaug Pedersen presterte i sporet.

- Det er berre å ta av seg hatten for at Hilde held motet oppe, seier Skofterud.

Elden på tredje

Marte Elden frå Henning Skilag blei nummer tre, 13,7 sekund bak Pedersen.

- Eg er kjempe, kjempenøgd med løpet mitt. Det var mykje slakke parti på slutten, og det er ikkje der eg brukar å vere best, seier Elden.

Marte Elden skal etter planen delta på U23-VM denne sesongen.

- Det er foreløpig utsett, men blir vel arrangert seinare i sesongen, så det gledar eg meg veldig til, seier Elden.