Hopp til innhold

UKA-headliner til "Dødens dal"

I oktober er det atter ein gong klart for "UKA", og festivalens første headliner er klar: Highasakite. Indiebandet skal spele for 7000 menneske på ei av Trondheims største scener.

Ingrid Helene Håvik

Vokalist Ingrid Helene Håvik kjem 12. oktober til Trondheim saman med resten av bandet.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

– I 2016 selde Highasakite 2000 billettar på Samfundet på 4 minutt, så no er studentane si største scene det naturlege staden vidare, seier Herman Biørn Amundsen, konsertsjef for UKA-17.

Billettsalet startar i morgon, 23. februar, klokka 12:00. Bandet skal spele i "Dødens dal" 12. oktober for cirka 7000 menneske. Konserten vert Highasakite sin einaste opptreden i Trøndelag i 2017, og er avslutninga på turneen deira "Camp Echo".

– Vi er utruleg stolte av å kunne fortelje at eit av Norges største band kjem til UKA-17. Med Highasakite sin enorme produksjon kjem det til å verte ei heilt spesiell stemning i teltet, seier Amundsen.

For 6 år sidan spelte indiebandet sin første UKE-konsert på Knaus, og sidan den tid har dei vekst til å verte eit av landets største band. Dei har tre album bak seg, som alle har trilla høge terningkast.

Begge albuma "Camp Echo" (2016) og "Silent Treatment" (2014) har fått Spellemannprisen for Årets Popgruppe."Silent Treatment" skal alle rekordar, og låg på VG-lista topp 40 i 120 veker. Bandet ser fram til å spele i Trondheim:

– Vi gleda oss veldig til å avslutte "Camp Echo"-turneen i Trondheim, og kva kunne eigentleg passa betre enn UKA? Å komme til Trondheim er alltid litt som å komme heim, seier artistane i Highasakite.