Flya ligg i Jonsvatnet, som er drikkevasskjelda til folk i Trondheim.
Dei to tyske flya hadde Jonsvatnet som base i samband med felttoget i Noreg. Flya opererte frå Jonsvatnet frå 10. april 1940, til dei gjekk gjennom isen den 22. april.
Det er Forsvarsmuseet som ønskjer å heve dei to flya, og dei har søkt Trondheim kommune om løyve.
Kommunen er positive til å heve flya, og tirsdag var representantar frå kommunen, Mattilsynet og Forsvaret samla i Trondheim for å diskutere saka.
Konklusjonen på møtet blei at hevinga kan setjast i gang så raskt Mattilsynet og kommunen gir grønt lys. Truleg vil dette skje før helga, slik at hevingsprosessen kan starte rundt månadsskiftet.
Jonsvatnet er Trondheims drikkevasskjelde, men sjølv om det blir virvla opp slam frå botnen i samband med hevinga reknar kommunen med at dette vil bli fjerna i reinseprosessane før vatnet blir sendt ut i leidningsnettet i Trondheim.
Dei to flya som gjekk gjennom isen var ein Junkers 88 og ein Heinkel 111.