NRK Meny
Normal

Her gjorde tyskarane ein tabbe

Dei bygde eit solid fort helt ytterst mot havet for å skyte på fienden. Men det vart knapt løsna eit skot frå Stabben fort under andre verdskrigen. For den tyske byggherren bomma på geografien.

Stabben fort på Titran

Etterkvart oppdaga tyskarane at dei hadde plassert Stabben fort på ein plass der få allierte passerte forbi Frøya i Sør-Trøndelag. – Vi må seie at det var ei tabbe av tyskarane, sier lokalguide Harald Gautvik.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Harald Gautvik

Harald Gautvik var 13 år då krigen kom i 1940.

Foto: Kari Sørbø / NRK
Titran på Frøya

Det er kort veg frå fortet til havet.

Foto: Linda Bjørgan / NRK
Stabben fort Titran

Fortet var eitt av mange langs kysten for å sikte inn mot dei allierte skipa.

Foto: Linda Bjørgan / NRK
Sigaretteske laga av krigsfange

Sigaretteske laga av ein krigsfange.

Foto: Kari Sørbø / NRK
Nazi-kopp fra Stabben fort

Denne koppen var ein av dei meir kvardagslege tinga på Stabben fort.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Den trange inngongen går i vinkel, for å hindre at nokon kan skyte rett inn. Stabben fort på Titran i Frøya kommune i Sør-Trøndelag er eit solid byggverk, sjølv 70 år etter.

Byggherren var den tyske okkupasjonsmakta. Arbeidskrafta var 150 russiske og serbiske krigsfangar.

Dei budde kummerleg på det trekkfulle fiskemottaket ved hamna.

Vinteren 1942 vart det målt minus 20 grader og sterk kuling. Fangane sov delvis utan sengtøy, i halmen.

– Men berre eit par miste livet i løpet av tida dei var her, fortel Harald Gautvik. Den 84 år gamle fiskaren har budd på Titran heile sitt liv. Han var 13 år då krigen kom i 1940.

Skaut mot sine eigne

Det var mellom 500 og 600 tyskarar på Titran og bygginga av fortet kom raskt i gang, eitt av mange langs kysten for å sikte inn mot dei allierte skipa.

Men det kom få skip forbi på Frøyhavet. Etterkvart oppdaga tyskarane at hovudleia for skipa gjekk innafor Hitra, meir i ly for dei verste stormane. Det solide fortet med fleire underjordiske bunkerar og gangar ned mot sjøen, vart ingen suksess.

– Nei, vi må seie at det var ei tabbe av tyskarane, smiler Gautvik.

Betre var det ikkje at den einaste gongen det vart avfyrt skot frå dei tre kanonane, så skaut tyskarane mot sine eigne. Det var nokre tyske minesveiparar som misforstod signala frå fortet.

Minefelt og piggtrådgjerde

I 1944 forlet tyskarane Stabben fort og etablerte seg sør for Tjeldbergodden i staden.

På veggen i fortet heng eit detaljert kart over Titran slik det var under krigen.

Piggtrådgjerder og minefelt dekte eit stort område rundt Stabben. Men då tyskarane reiste i 1944 rydda dei opp etter seg. Minene og piggtråden vart fjerna.

Gautvik kan ikkje hugse at nokon seinare fann ei mine på Titran.

Sidan 1999 har Stabben fort vore museum med Gautvik som guide.

20 000 besøkande har vore innom det litt gløymde tyske krigsminnet.

Våpna som tyskarane hadde tok dei med seg. Men både Forsvarsmuseet og Rustkammeret i Trondheim har lånt ut våpen til utstillinga i det vesle romet under utkikken. Mange har donert minne frå krigen, alt frå rasjoneringskort og bilete, til førstehjelpsskrin, klede og skoty.

Kaffekopp med hakekors

Gautvik tek ned ein kopp og asjett frå ei hylle. Ved første augekast ein kvit kaffekopp frå Porsgrunn porselen. Men når han snur koppen, ser me det tyske hakekorset.

– Dette viser at ein heil nasjon var hjernevaska, seier Gautvik,

Mykje meir set han pris på eit vakkert stykke treskjerararbeid laga av ein krigsfange for tyskarane. Det føresteller ein fugl som vippar opp og ned mot ei eske til å ha sigarettar i.

– Dei hadde lite verktøy å hjelpe seg med, men du og du så flinke dei var, seier Gautvik, som minnest både fangane og tyskarane som dominerte heimstaden hans under krigen.

Saknar Nordahl Grieg-skatt

Når me spør om det er noko Gautvik saknar på museet, strekkjer han handa opp på eit skap og tek ned ein gråpapirpose.

– Historia fortel at Nordahl Grieg skreiv eit av dei mest kjende dikta sine på ein slik pose, seier Gautvik. Diktet var "17.mai 1940".

For Grieg var vaktmannskap då gullbehaldninga til Norges bank vart frakta med skøyter frå Noreg til Storbritannia. Ein av stoppestadene var Titran . Undervegs frå Titran til Tromsø på fiskeskøyta "Alfhild" skreiv Grieg både "Kongen" og "17.mai 1940".

– Eg aner ikkje om gråpapirposen er tatt vare på. Men om den finst, hadde det vore utruleg å få til museet, seier Gautvik.

Forfattaren Edvard Hoem, som har skrive biografien om Grieg, seier til NRK at han i alle fall ikkje har kome over den spesielle gråpapirposen i arbeidet med boka.

– Den er nok tapt, seier Hoem.

– Vi tek fridomen for gitt i dag

På Stabben Fort håper Gautvik at også dei unge i dag interesserer seg for det som skjedde i nærmiljøet under andre verdskrigen.

– Vi tek fridomen for gitt i dag. Vi veit ikkje kva tvang og undertrykking er, seier Gautvik, som fyller 85 år i desember.

Framleis tek han i mot dei som kjem til Titran og som ønskjer å besøke fortet som vart bygd ved ein tabbe.

Video fra Trøndelag

Håper å få åpnet elva i løpet av kvelden.
Slik gikk det med Mette Vollan i uværet.
Skiheisen i Vintervannskleiva åpen igjen.