Hopp til innhold

Her gjødslar helikopteret skogen

For første gong får skogeigarar i Trøndelag tilbod om gjødsling frå helikopter. På den måten veks skogen raskare samtidig som skogeigarane bidreg til betre klima.

Gjødsel

På måndag vart skogen til Eilif Peder Folstad gjødsla.

Foto: Roger Myren / NRK

Denne veka blir skogen i både Støren og Vuku i Trøndelag gjødsla med kunstgjødsel. Dette inneheld nitrogen, og er pakka i sekkar på 600 kilo kvar. Med helikopter spreia dei det utover bonden Eilif Peder Folstad sin granskog.

– Dette har blitt eit svært interessant og attraktivt tiltak når staten no gir tilskot, seier Folstad.

No kan nemleg staten gå inn og betale 40 prosent av kostnadane ved gjødslinga. På denne måten blir det mogleg for bønder som Folstad å få helikopter til å spreie skogen hans med kunstgjødsel.

Eilif Peder Folstad, bonde

Eilif Peder Folstad er svært nøgd med tiltaket.

Foto: Roger Myren / NRK

Er bra for klimaet

Austlandet har allereie gjennomført tiltaket, og no får skogeigarar i Trøndelag same tilbodet. Tiltaket skal gi ein auka miljøgevinst, då tilvekst av trea som vert gjødsla veks – og dermed får eit større forbruk av klimagassen Co₂.

– No er det blitt akseptert at skogen faktisk har ein positiv verknad med tanke på klimaet, seier Folstad.

Skoggjødsling

Kunstgjødsla inneheld nitrogen, og er pakka i sekkar på 600 kilo. Med ein beholdar spreia helikopteret det utover skogen.

Foto: Roger Myren / NRK

Dei er bevisst på kor dei gjødslar, slik at tiltaket ikkje skal ta skade for miljøet sin del. For å unngå negative effektar er det derfor viktig å ha frisoner kring bekkar og vassdrag, og at ein planlegg gjennomføringa godt. For å klare dette brukar dei kart og GPS – då det ikkje er tilfeldig kor helikopteret spreier kunstgjødselet.

Betre økonomisk gevinst for skogeigarane

I tillegg til miljøgevinsten vert det også ein økonomisk gevinst for skogeigarane. Sjølv om det tar kring 10 år før Folstad kan hogge skogen sin for å sjå utbytte, meiner han det er ei god investering.

– Optimalt kan ein få eit utbytte på 20 prosent, så gjødsling er nok det tiltaket som er mest lønnsamt for oss skogeigarar, seier bonden.

Ole Johan Skjærli, virkeskjøpar Nortømmer

Tømmerkjøpar Ole Johan Skjærli seier at dette gir eit mykje større utbytte for skogeigarane, i tillegg til klimagevinsten.

Foto: Roger Myren / NRK

Tømmerkjøpar frå Nortømmer, Ole Johan Skjærli, forklarar at dette er eit nytt tiltak som ikkje har blitt gjort før.

– Det er eit klimatiltak for å auke plantetalet og få auka opptak av Co₂. Gjødslinga forkortar omløpstida slik at skogen blir fortare hogstmoden, seier Skjærli.

Skjærli påpeikar også at det vil bli eit utbytte på kring 25 prosent for skogeigarane, framfor 1-2 prosent. Bonden Folstad er svært nøgd med tiltaket, og mimra tilbake til 70-talet då dei gjorde det same - manuelt.

– Då gjekk vi med gjødsla framfor oss i store sekkar og spreia det til begge sider med hendene. Så dette er heilt klart meir effektiv, påpeikar han med eit smil.