NRK Meny
Normal

Her flyktar Sandberg frå pressa

Fiskeriminister Per Sandberg ville ikkje snakke med media etter at han i dag hadde vitna i Sør-Trøndelag tingrett.

Per Sandberg vitna i Reppe-saken.

Etter tjue timars flyreise frå Indonesia inntok statsråden vitneboksen i arbeidsrettssaka etter at Frode Reppe fekk sparken i Norske sjømatbedrifters landsforeining.

– Eg likar ikkje ordet «lobbyist», sa Sandberg i Sør-Trøndelag tingrett. Han svarte på spørsmål frå Reppes advokat om korleis praksisen er i departementet for å snakke med næring- og interesseorganisasjonar.

E-post på avvegar

For Sandberg meiner «lobbyist» er eit negativt lada ord og han ville ikkje bruke det på ein kommunikasjonssjef i til dømes NSL som gjer jobben sin for å fremje interessene til medlemene.

Sandberg er vitne fordi Frode Reppe feilsende tre e-postar han skulle sende til den private e-postadressa til Sandberg. Ei adresse Reppe har forklart i retten han fekk uoppfordra etter eit møte i departementet. Men e-postadressa var feil og hamna i Sverige hos ein namnebror. Då han gjekk til pressa avslørte Dagbladet historia bak.

Dette vart byrjinga til slutten for Frode Reppe i NSL. Dei meinte at han i denne og fleire andre saker hadde vore illojal og freista å skjule spora til NSL.
Sandberg opplyste i retten at han som nestleiar i Frp har ein privat e-postkonto og ifølgje Reppe var det den han fekk.

Kjende ikkje Reppe

Sandberg fortalde i retten at han ikkje kjende Frode Reppe før han møtte han på Sjømatdagane på Hell i januar 2016, like etter at Sandberg hadde vorte fiskeriminister.

Dei to møta som Frode Reppe var med på i departementet seinare på vegne av NSL, handla om konflikten mellom NSL og forskarar om korleis lakselusa påverka villaksen.

Sandberg sa i retten at det å generelt stille kritiske spørsmål til alt og alle er ein del av demokratiet og at politikarane er avhengige av det for å få løyst eller endra saker.

– Som stortingsrepresentant og partipolitikar hadde eg ofte kontakt med interessegrupper som kom til Stortinget for å fremje si sak. Dei er opne om det, og det same har eg oppfatta at NSL er, sa Sandberg.

– Har sagt i retten det eg vil seie

Etter vitnemålet på ein knapp halvtime ville ikkje Sandberg snakke med media. Men det lova han å gjere når det fell dom i saka. I retten fekk han ikkje spørsmål om han gav adressa til Reppe.

Også Stortinget har vore opptatt av om Sandberg gjorde det for å hindre at korrespondansen vart journalført slik lova krev. I fjor haust bad kontrollkomiteen om skriftleg svar.

Dei kan du lese her.