Moser-paret har no fått Nobelprisen i medisin eller fysiologi saman med John O'Keefe i Stockholm konserthus. Det var svenskekongen som delte ut prisen.
– Dette var så stort, og eit flott arrangement, sa May-Britt Moser i eit intervju med SVT etter prisutdelinga.
– Stockholm er ein vakker, vakker stad, sa ho.
Døtrene vart også intervjua på direkten:
– De må vere dei vakraste nobelprisvinnarane som har eksistert, trur eg, sa Isabel Moser.
– Du kan absolutt seie at det har vore eit familieprosjekt, sa Edvard Moser.
TRE VINNARAR: Prisvinnerne John O'Keefe, May-Britt Moser og Edvard Moser.
Foto: Skjermdump fra SVT– Oppdaging av stamcellene og gittercellene, nøkkel-element i hjernens posisjoneringssystem, er eit paradigmeskifte i å forstå korleis spesialiserte nerveceller verkar saman for å utføre høgare funksjonar i hjernen, sa professor Ole Kiehn under utdelinga.
– Gjennom briljante eksperiment har de gitt oss ny innsikt i korleis hjernen skapar åtferd, sa Kiehn.
- Les også:
- Les også:
På førehand sa Edvard Moser at han gledde seg veldig til å ta i mot Nobelprisen.
Samtidig var både han og May-Britt og nervøse for det praktiske.
– I dag tidleg øvde vi på korleis vi skal gjere ting. Plutseleg blei det eg trudde var det enklaste i verda, å ta i mot ein medalje, komplisert, sa Edvard Moser.
Når dei skal ta i mot medaljen må dei gå samtidig som svenskekongen, dei må også stanse på same stad som majesteten.
May-Britt Moser var mest nervøs for om ho ville snuble i den spesialdesgina kjolen med nerveceller.
– I utgangspunktet er det enklare å drive med hjerneforsking?
– Det trur eg er enklare, ja, lo Edvard Moser.
(Saka fortset under bildet)
Forskarparet May-Britt og Edvard Moser under Nobel-utdelingen i Stockholm.
Foto: Skjermdump fra SVTKjole med upublisert forskingsmateriale
May-Britt Moser sov to timar natt til onsdag, og ho gledde seg veldig til utdelinga. Ho gledde seg ikkje minst til å bli kjent med svenskekongen, som ho skal sitte ved sidan av under Nobelbanketten.
– Eg er utruleg stolt av å gå rundt som ein levande poster, sa May-Britt Moser om den spesialdesigna kjolen med påsydd mønster av gitercellene som dei får prisen for.
– Du ser til og med heksagon-mønsteret.
Kjolen hadde også tema frå eit upublisert forskingsmateriale, kunne May-Britt Moser avsløre, det såkalla «shearing»-prinsippet som vil bli publisert i Nature i 2015. Dette får vi nok vite meir om seinare.
- Les også:
Edvard Moser var kledd i kjole og kvitt,
– Det må no vere slik på ein sånn dag, men eg trivst no aller best i t-skjorte, det er ikkje noko å legge skjul på, sa Edvard Moser.
– Du er no vakker i den, då, kommenterte kona May-Britt Moser frå sidelinja.
– Glade for merksemda
Moser-paret er glade for den store feiringa av forskinga deira under nobelveka i Stockholm.
– Vi er utruleg glad for at vitskapen får denne merksemda både i Sverige og i Noreg, og i heile verda, sa Edvard Moser.
– No er det berre glede. No skal vi feire saman. Folk har jobba beinhardt og her er det fine resultat, og folk kosar seg, sa May-Britt Moser.