Her får den tilsette telefon om at ei bombe er plassert på Flesland

Ein mann i 60-åra er dømt til fengsel i ti månader for bombetrugslar mot fleire flyplassar. Klikk på biletet for å høyre lydloggen frå då det blei ringt inn bombetrugsel mot Bergen lufthavn Flesland.

Lydlogg fra Flesland 30.september 2019.

Lydloggen frå da mannen ringte til Avinor med bombetrugsel mot Bergen lufthavn Flesland. Mannen er seinere dømt for trugsler.

NRK seier seg lei for at den skriftlege versjonen av teksten på lydopptaket var upresis i ein tidlegare versjon av artikkelen. Dette er no retta.

«Det er en bombe som er plassert der og som kommer til å smelle i løpet av en halv time». Slik starta telefonoppringinga Avinor ved Bergen lufthavn Flesland fekk i september i fjor.

Den tilsette i Avinor som får telefonen frå tiltalte, spør kvar han har plassert bomba på Flesland.

– Nei, det vil eg ikkje seie. Ha det, svarer mannen. Opptaket på 26 sekund vart spelt av under rettssaka i Sør-Trøndelag tingrett onsdag.

Trugsmålet mot Bergen lufthavn 30 september i fjor, var det niande og nest siste som mannen stod tiltalt for i retten denne veka.

Fredag føremiddag blei han dømt til fengsel i ti månader. Fire av månadane er på vilkår, som betyr at dei ikkje må sonast i fengsel om tiltalte held seg unna ny kriminalitet i to år.

I skjerpande retning viser retten til at

«(...)tiltalte ved sine handlinger har vist en total mangel på respekt for andre mennesker. han har skapt betydelig utrygghet. Av almennpreventive grunner er det viktig med markerte reaksjoner for denne typen adferd».

– Velkommen til Avinor.
– Ja, nå smeller det snart på Flesland flyplass. Det er en bombe som er plassert der og som kommer til å smelle i løpet av en halv time.
– Javel. Hvor er den plassert da ?
– Nei, den er plassert.. nei det skal jeg ikke si.Det vil jeg ikke si. Ha det.

Fra Avinors lydlogg 30. september 2019 / Lydlogg spilt av i rettssaken der en mann står tiltalt for bombetrussler

Trusler mot Sandnessjøen lufthavn

HELDT VAKT: Politiet på plass utanfor Sandnessjøen lufthavn, etter at det blei ringt inn trugslar i september i fjor.

Foto: Therese Jægtvik / Helgelands Blad / NTB Scanpix

Ville at politiet skulle få noko anna å gjere

Verken flyplassen på Flesland eller Værnes vart stengd. Derimot vart det full evakuering av Alstahaug tingrett, deler av Sandnessjøen sentrum og heile Stokka lufthamn 11. september.

I retten onsdag nekta mannen i 60-åra straffskuld, men vedgår å ha ringt telefonane.

Mannen vart arrestert i Trøndelag, allereie i juni. Då hadde han ringt til to politifolk og ein advokat i Nordland. Beskjeden var at dei måtte kome seg ut av husa på grunn av skyting eller sprenging.

Etter å ha vore innlagd til psykiatrisk undersøking, vart han sett fri, men var framleis sikta. Nokre dagar etter arrestasjonen 11. september, fekk han dra heim på nytt. Han hadde fått behalde mobiltelefonen. Med den ringde han dei tre siste trugsmåla i slutten av september.

Sidan det har han sete i varetekt. I retten forklarte tiltalte kvifor han ringte inn bombetruglsane.

– Eg ville at politiet skulle få noko anna å gjere enn å plage meg. Etter to år med trakassering frå politiet vil eg gjengjelde.

Beina til mannen i 60-åra som er tiltalt for bombetrugslar mot fleire flyplassar.

NEKTA STRAFFSKULD: I retten onsdag nekta mannen i 60-åra straffskuld, men vedgår å ha ringt telefonane.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Ville hjelpe kompisen

Mannen i 60-åra nekta straffskuld, fordi han meiner han var og er psykotisk.

Forklaringa på at den til no ustraffa mannen la politiet for hat kan finnast i 2017, trur forsvarer Christian Wiig.

Då vart klienten hans kjend med ein mann i 40-åra, som hadde nokre uoppgjorte saker med politiet i Nordland. Tiltalte ville hjelpe kameraten. Men møtet med politiet i Trondheim enda med ordensforstyrringar. Tiltalte vart forbanna og meinte han var urettvist behandla.

– Eg har problem med autoritetar og er ikkje redd for å seie ifrå, sa tiltalte i retten.

Han fortalde om ubehagelege oppringingar frå skjult nummer til han på nettene.

Tiltalte ringde til politiet og bad dei slutte. Men politiet avviste at dei hadde ringt han.

Skjønar no han vart lurt

Etter at han sperra telefonen sin for oppringingar frå ukjent nummer, slutta det han kalla «telefonterror» frå politiet.

I staden kom det telefonar frå nummeret til kameraten med beskjed om at det var frå politiet og at huset var omringa.

Men det kunne ikkje vere kameraten som ringde, fordi stemma var annleis, meinte tiltalte.

Men når aktor, førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes, pressar tiltalte litt meir, seier han:

– Eg kan jo ha blitt lurt. Men eg trur det ikkje.

I løpet av rettssaka har han no kome fram til at han vart lurt, meiner forsvarer Wiig.

Kameraten vitna onsdag på videolink i retten. Han sa han ikkje visste særleg mykje om kva som føregjekk. Han avviste at det var han som hadde fått tiltalte til å ringe trusseltelefonane. Då han skjønte at tiltalte hadde ringt til Avinor, ringde han sjølv med ein gong og sa at det berre var tull.

Dette viser også teledata som politiet har fått frå telefonselskapa.

 Aktor, førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes, i rettssaken der menn mann er tiltalt for flere trusler mot flyplasser i Norge.

AKTOR: Førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes er aktor i saka.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Vrangførestillingar, men ikkje psykotisk

Tiltalte i 60-åra har gått på antipsykotiske medisinar halve livet. Han var i full jobb til 2017.

Vrangførestillingar, som at politiet er ekstra opptatt av han, er ein del av psykoselidinga. Det meiner dei rettspsykiatrisk sakkunnige. Etter litt tvil er dei komne til at tiltalte ikkje var, eller er, psykotisk og derfor strafferettsleg tilrekneleg.

– På grunn av vrangførestillingane hadde tiltalte dårlegare evne til å vurdere handlingane sine, sa aktor i prosedyren.

Soknes meiner kameraten lurte tiltalte og forsterka aggresjonen hans mot politiet.

Det finst få domar i saker som gjeld bombetrugsmål i Noreg. Strafferamma for trugsmål etter 263 er eitt år, for grove trugsmål, 264, tre.

Påstand om ti månaders fengsel

Aktor la ned påstand om fengsel i ti månader. Av dei fire på vilkår, med prøvetid på to år. Etter å ha snakka med tiltalte, opplyste forsvarer Wiig i prosedyren sin, at klienten er nøgd dersom domen blir slik.

Han ønskjer også å få behandling i form av samtalar med psykiater.

Når det gjeld kameraten han møtte tilfeldig på gata for to år sidan, så vil tiltalte ikkje lenger ha noko med han å gjere, opplyste forsvarer Wiig før retten vart heva torsdag.