6 positive ting som skjedde i mai

Det skjer mykje kjipt i verda, og ofte tek dei vonde sakene litt over dei positive. Difor har me leita fram nokre lyspunkt frå den siste månaden.

1. Hjerneimplantat kan hjelpe lamme

Etter ei sykkelulukke i 2011 fekk Gert-Jan Oskam (40) beskjed om at han aldri kom til å gå igjen. Ti år seinare går han no trapper, og kan stå og ta seg ein øl med kompisane sine.

Grunnen er nokre elektrodar han har fått sett inn i hovudet og i ryggrada. Desse sender signal til kvarandre og resten av kroppen slik at han klarer å bevege seg igjen.

Etter å ha brukt dei ei stund har Gert-Jan også klart å få litt kontroll over beina sine, utan hjelp frå elektrodane. Forskarane håper at miniversjonar av desse kan hjelpe både folk som har blitt lamme og dei som slit etter å ha fått slag til å få meir kontroll over kroppen sin.

2. Stavanger får gratis kollektivtilbod

Frå 1. juli kan alle som har adresse i Stavanger reise gratis med både buss, båt og tog på heile Nord-Jæren. Det har Arbeidarpartiet, Folkets Parti, MDG, Raudt, Senterpartiet og SV bestemt.

Dette er eit prøveprosjekt som skal vare i eitt år. Og håpet er at det skal gjere det enklare for folk å komme seg til jobb og skule.

Ordførarkandidaten til Høgre i Stavanger, Sissel Knutsen Hegdal, er ikkje nøgd med dette, og meiner det berre er noko dei gjer for å få stemmer i valet til hausten.

3. Har funne ny måte å kurere depresjon

Ei ny studie forskarar ved Stanford Medicine har gjort, har funne ein heilt ny måte ein kan kurere nokre formar for depresjon.

I studia har dei festa elektromagnetar til hovudet til dei som er deprimerte. Desse har sendt ut kraftige signal som har klart å snu dei signala i hjernen som seier at ein skal vera lei seg og ha det vondt.

Ein av forskarane bak studia, Nolan Williams, seier dette kan hjelpe på fleire måtar. For når ein har feber eller ein anna infeksjon kan ein gjere testar for å finne den beste behandlinga. Det har ein ikkje kunna på same måte med depresjon. Men med desse elektrodane kan det bli mogleg. Då kan dei forhåpentlegvis sjå korleis depresjonen er og finne dei beste behandlingsmåtane for den.

No skal dei gjere ei enno større studie for å sjå om dette kan hjelpe for fleire ulike typar depresjon.

4. Fleire kan bruke strendene i Hellas

I sommar blir rundt 200 strender i Hellas rullestolvennlege. Eit selskap har ordna rullestolramper på fleire strender som leder bort til ein stol som kan køyre personen ned i sjøen.

Ifølge The Washington Post kan folk som vanlegvis ville slite med å bevege seg på stranda, få seg ein svømmetur. Når dei er ferdige å svømme er det berre å sette seg opp i stolen igjen og bli frakta på land.

5. Oppdaga ny antibiotika med AI
Forskarar ved McMaster University har laga ein ny type antibiotika ved hjelp av kunstig intelligens. Ifølge BBC har antibiotikatypen fått namnet «abaucin» og er såpass sterk at den kan ta livet av ein dødeleg bakterie som har vore antibiotikaresistent til no.

Dei siste tiåra har det vore eit problem at fleire og fleire bakteriar blir vanskelegare å behandle, fordi mange antibiotikatypar ikkje funkar på dei. Forskarane i Canada og USA meiner KI kan revolusjonera forsking på medisin. Den nye antibiotikatypen kan ikkje brukast før den har blitt testa meir.

6. Pulveriserte steinar kan hjelpe klimaet

Steinar som blir pulverisert kan fjerne fleire milliardar tonn CO₂ frå atmosfæren. Prosessen blir kalla «rock weathering», og går ut på at ein knuser basalt-stein ned til bitte små bitar.

Dette steinpulveret blir spreidd utover jorde, og når det regnar absorberer dei CO₂-en. Og den kjemiske reaksjonen gjer og at steinen skil ut næringsstoff som er bra for matjorda, skriv BBC.

Under dei store isflaka på Grønland produserast det ein milliard tonn med sånn steinpulver kvart einaste år. The Guardian skriv at dette betyr at ein har ei slags utømmeleg kjelde til dette pulveret, og at det å bruka det pulveret for å fange CO₂ kan hjelpe å nå klimamåla våre.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal